Studieplan - Spesialpedagogikk 2, 1.-10. trinn
Hausten 2020
Spesialpedagogikk 2 er ei vidareutdanning for deg som arbeider på 1.-10. årstrinn, og allereie har 30 studiepoeng i spesialpedagogikk. Studiet bygger på Spesialpedagogikk 1 eller tilsvarande emne, og vil gje meir inngåande kjennskap til det spesialpedagogiske fagfeltet
Sentrale tema i studiet vil være:
- sosial og emosjonell utvikling hos barn og unge
- psykososiale vanskar
- inkluderande læringsmiljø og psykisk helse
- utfordringar hos barn og unge sett frå ulike system- og individperspektiv
- rettleiing og intern og ekstern samarbeid
- kartlegging, førebygging og tidleg innsats