Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i sjukepleie

Hausten 2021

Høgskulen på Vestlandet utdannar sjukepleiarar som arbeider utifrå ein kunnskapsbasert praksis og eit personsentrert perspektiv. Gjennom studiet utdannar vi kandidatar som medverkar til fagleg forsvarlege og omsorgsfulle tenester for pasientar, brukarar og pårørande i alle situasjonar og livsfasar. Vi legg vekt på prosessar som fremmar studentane sin kompetanse til å kunne utøve fagleg leiing og kritisk tenking, refleksjon og til å ta avgjerder, læring gjennom heile livet, tverrprofesjonelt samarbeid, kommunikasjon, nytenking og innovasjon.

Føremålet med utdanninga er at studentane skal tileigne seg kompetanse til eit yrke som sjukepleiar. Dette betyr kompetanse til å nytte og utvikle kunnskapar, ferdigheiter og haldningar på ein god og tenleg måte i møte med pasient, brukar, pårørande og medarbeidarar.

Studieplanen er i tråd med Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialutdanningane og  Forskrift om nasjonal retningslinje for sykepleierutdanning.

Utdanninga gir studentane kompetanse innanomfor seks område:

1. Helse, sjukdom og sjukepleie
2. Sjukepleieprofesjonen, etikk, kommunikasjon og samhandling
3. Vitskapsteori og forskingsmetode
4. Fagleg leiing, kvalitet og pasienttryggleik
5. Tenesteutvikling og innovasjon
6. Teknologi og digital kompetanse

Alle kompetanseområda er gjennomgåande og dei kjem til syne i læringsutbytta i studieplanen både i teoretiske emne og i praksisemne.

Skikkavurdering
Det vert stilt krav til skikkaheit i yrket. Løpande skikkavurdering skjer gjennom heile studiet og inngår i ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnad for å kunne fungere som sjukepleiar jf. § 4.Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.  For meir informasjon sjå høgskulen si nettside om Skikkavurdering  

Autorisasjon
Etter fullført utdanning vil kandidatane få tildelt autorisasjon, jf. § 48. i Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven).

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten…

  • har brei kunnskap om mennesket sine grunnleggande behov, sjukepleiaren sine ulike funksjonar og ansvarsområde og personsentrert sjukepleie i eit livsløpsperspektiv
  • har brei kunnskap om medisinske og naturvitskaplege tema relatert til sjukepleiaren sine funksjons- og ansvarsområde
  • har kunnskap om samfunnsvitskaplege tema og kva betydning kultur- og språkbakgrunn har for sjukdomsforståing og likeverdige tenester relatert til sjukepleiaren sine funksjons- og ansvarsområde
  • har kunnskap om fagleg leiing og organisering av helsetenesta, helse- og sosialpolitikk, samt kvalitet og pasienttryggleik i helsetenesta
  • har kunnskap om metodar for brukarmedverknad og kjenner til verktøy for å drive innovasjonsprosessar, implementering og kontinuerleg forbetringsarbeid

Ferdigheiter:
Kandidaten…

  • kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom i møte med ulike pasientgrupper og i tverrfagleg, tverrprofesjonell og tverrsektoriell samhandling for å sikre eit koordinert, heilskapleg og samanhengande behandlingsforløp på tvers av verksemder og gjennom heile livsløpet
  • kan nytte kunnskap om helsefremmande og førebyggande arbeid
  • kan nytte kulturkompetanse og kulturforståing i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie
  • kan nytte relasjons-, kommunikasjons og rettleiingskompetanse, samt kunnskap om lærings-, meistrings-, endringsprosessar og rettleiing og undervisning av pasientar, pårørande og anna helsepersonell
  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid, samt treffe val i tråd med kunnskapsbasert praksis
  • kan reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, og justere eigen praksis i si tenesteutøving
  • kan reflektere over eksisterande rutinar og metodar, og ta initiativ til dialog om implementering av ny kunnskap og nye arbeidsmetodar

Generell kompetanse:
Kandidaten…

  • har innsikt i utvikling og bruk av teknologi og digitale løysingar på individ- og systemnivå
  • kan leie og prioritere oppgåver i sjukepleietenesta
  • kan planlegge og gjennomføre sjukepleie til akutt, kronisk og kritisk sjuke, og menneske med samansette og komplekse behov
  • kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelhandtering
  • kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasientar og pårørande basert på respekt, medverknad og integritet
  • kan planlegge og gjennomføre målretta tiltak for å redusere uønskte hendingar og variasjon i helsetenesta og tiltak som sikrar trygg overføring av pasientar mellom ulike einingar og nivå i helsetenesta

Innhald

Studiet går over seks semester på heiltid eller åtte semester på samlingsbasert deltid/desentralisert. Studiet er delt inn i 14 emne. I dei ulike emneplanane finn ein ei detaljert skildring av kvart enkelt emne.

Kvart studieår inneheld teori- og praksisstudiar. Gjennomgåande tema i utdanninga er personsentrert sjukepleie, etikk, pasienttryggleik, kommunikasjon, samhandling og fagleg leiing.

Første studieår omfattar grunnleggande sjukepleie, naturvitskaplege tema og leiing av eige arbeid. Andre studieår omfattar sjukepleie til akutt, kronisk og kritisk sjuke pasientar med behov for medisinske, kirurgiske og psykiske helsetenester, samt folkehelsearbeid. Tredje studieår omfattar sjukepleie ved komplekse og samansette pasienttilstander og sjukdomsbilete, og sjukepleiarfunksjonen knytt til fagleg leiing, tenesteutvikling og innovasjon.

Praksis

Praksisstudium utgjer 90 studiepoeng (2300 timar/60 veker).  Det blir lagt til rette for varierte læringsaktivitetar i dei ulike praksisemna, desse går fram av emneplanane. Det er krav om 90 % frammøte i praksisemna jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet nyttar praksisplassar i den enkelte campus sin nærregion. Høgskulen skaffar praksisplassar og det er høve til å søke om tilrettelegging av praksis etter gjeldande reglement.

Studentane må sjølve skaffe seg bustad og dekke utgifter til reise i praksisperioden. Delar av utgiftene vert dekka.

I tillegg nyttar ein internasjonale praksisplassar innanfor land som er famna av ERASMUS sine mobilitetsavtalar, samt enkelte afrikanske land, Australia og Sør-Amerika.

Studentane skal i praksisstudia normalt sett rettleiast av sjukepleiar som bør ha rettleiingskompetanse og minst eitt års erfaring som sjukepleiar. Anna personell kan ha rettleiingsansvar for studentar der dette er naturleg. Det er rettleiar på praksisplassen som har ansvar for å rettleie studentane i praksisplassen sin spesialitet og eigenart. Studentane skal i hovudsak følge praksisrettleiar sine vakter.

Alle praksisperiodane blir vurderte til bestått/ikkje bestått med utgangspunkt i læringsutbytte for emne.  Det er praksislærar som har hovudansvar for sluttvurderinga.

Det gjennomførast ein vurderingssamtale midtvegs og ein i slutten av kvart praksisemne.

§ 10-7.Ved tvil om studenten består praksis (Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet)

(1) Når det oppstår tvil om studenten vil nå måla for læringsutbyttet og bestå praksis, og tvilen oppstår før studenten er halvvegs i praksisperioden, skal studenten få skriftleg varsel.

(2) Varselet skal presisere kva delar av læringsutbyttet studenten ikkje har oppnådd så langt i praksis. I varselet skal det òg gå fram korleis studenten kan oppnå og syne oppnådd læringsutbytte for å bestå praksis.

(3) Studenten skal få tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar om studenten ikkje består praksis. Samtalen skal gjennomførast på eit tidspunkt som gjev studenten høve til å vise tilfredsstillande praksis, og seinast tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal samtalen haldast halvvegs i perioden. Det skal førast referat frå samtalen og studenten får levere merknad til referatet.

Studenten kan også utan varsel på førehand få prestasjonen vurdert til ikkje bestått i praksisemne jfr Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Arbeidsformer

Utdanninga legg vekt på å tilby undervisning basert på det fremste innan forsking, fagleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap.  Undervisnings- og læringsformer vil variere i dei ulike emna, og dette går fram av dei enkelte emneplanane. Høgskulen på Vestlandet nyttar Canvas som sitt elektroniske læringsstøttesystem.

Arbeidskrav

Arbeidskrav er alle former for obligatoriske læringsaktivitetar som er sett som vilkår for å ha rett til å gå opp til eksamen og gå ut i direkte pasientretta arbeid i praksisstudium. Dei ulike arbeidskrava går fram av emneplanane. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Forventa studieinnsats for ein heiltidsstudent er 40 timar kvar veke. Krav om obligatorisk deltaking i undervisning, studiegrupper og praksis går fram av emneplan. Med mindre emneplan seier noko anna, er det krav om 80 % frammøte til det som vert sett som obligatorisk deltaking i undervisning og studiegrupper. I praksisstudia er det krav om 90 % frammøte. Fråvær frå obligatorisk frammøte vert handsama etter Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Vurderingsformer

Kvart emne blir sluttvurdert og dei ulike vurderingsformene kjem fram av emneplanane. Vurderingsuttrykk som nyttast er bestått/ikkje bestått eller gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Krav til studieprogresjon

Det vert stilt krav til progresjon i studiet. Krava kjem fram i emneplanane.

Tidlegare tileigna kunnskapar og bruken av desse vil bli etterspurt i påfølgande emne.

Ein student som ikkje fyller krava til progresjon, blir flytta ned eit kull, og får justert utdanningsplanen. Ved overgang til nytt kull vil studieplan for det nye kullet vere gjeldande.

Internasjonalisering

Alle emne ved sjukepleieutdanninga har ein tydeleg internasjonal profil. Dette omfattar mellom anna bruk av relevant engelskspråkleg litteratur, drøfting av internasjonale faglege problemstillingar i dei ulike emna og undervisning av internasjonale gjesteførelesarar. Det vil også vere aktuelt å invitere internasjonale studentar, som har praksisstudie ved HVL, inn i faglege diskusjonar.

Mobilitetsvindauge

HVL-studentar har fleire høve til å få internasjonal erfaring i løpet av utdanninga. Det vert tilbydd praksisemne i utlandet på 2-3 månadar i samarbeid med våre partnarinstitusjonar både i 2. og 3.studieår som korresponderer med emne i gjeldande studieår.

Innkomande internasjonale studentar får tilbod om tilrettelagt studie/emne av ulike lengde.