Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i sjukepleie

Hausten 2024

Høgskulen på Vestlandet utdannar sjukepleiarar som arbeider utifrå ein kunnskapsbasert praksis og eit personsentrert perspektiv. Gjennom studiet utdannar vi kandidatar som medverkar til fagleg forsvarlege og omsorgsfulle tenester for pasientar, brukarar og pårørande i alle situasjonar og livsfasar. Vi legg vekt på prosessar som fremmar studentane sin kompetanse til å kunne utøve fagleg leiing og kritisk tenking, refleksjon og til å ta avgjerder, læring gjennom heile livet, tverrprofesjonelt samarbeid, kommunikasjon, nytenking og innovasjon.

Føremålet med utdanninga er at studentane skal tileigne seg kompetanse til eit yrke som sjukepleiar. Dette betyr kompetanse til å nytte og utvikle kunnskapar, ferdigheiter og haldningar på ein god og tenleg måte i møte med pasient, brukar, pårørande og medarbeidarar.

Studieplanen er i tråd med Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialutdanningane og Forskrift om nasjonal retningslinje for sykepleierutdanning.

Utdanninga gir studentane kompetanse innanomfor seks område:

1. Helse, sjukdom og sjukepleie
2. Sjukepleieprofesjonen, etikk, kommunikasjon og samhandling
3. Vitskapsteori og forskingsmetode
4. Fagleg leiing, kvalitet og pasienttryggleik
5. Tenesteutvikling og innovasjon
6. Teknologi og digital kompetanse

Alle kompetanseområda er gjennomgåande og dei kjem til syne i læringsutbytta i studieplanen både i teoretiske emne og i praksisemne.

Skikkavurdering
Utdanninga har skikkavurdering. Formålet er å avgjere om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kjem i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje viss det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka kan bli utestengt frå utdanninga for inntil fem år, og kan ikkje få vitnemål.

Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering

Politiattest

Alle studentar må legge fram politiattest for å kunne delta i praksisopplæring, jf. Kapittel 6 i Forskrift om opptak til høgare utdanning. Attesten må ikkje vere eldre enn tre månadar.

Studentar som ikkje har levert politiattest kan ikkje starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga.

Autorisasjon
Etter fullført utdanning vil kandidatane få tildelt autorisasjon, jf. § 48. i Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven).

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten…

har brei kunnskap om mennesket sine grunnleggande behov, sjukepleiaren sine ulike funksjonar og ansvarsområde og personsentrert sjukepleie i eit livsløpsperspektiv

har brei kunnskap om medisinske og naturvitskaplege tema relatert til sjukepleiaren sine funksjons- og ansvarsområde

har kunnskap om samfunnsvitskaplege tema og kva betydning kultur- og språkbakgrunn har for sjukdomsforståing og likeverdige tenester relatert til sjukepleiaren sine funksjons- og ansvarsområde

har kunnskap om fagleg leiing og organisering av helsetenesta, helse- og sosialpolitikk, samt kvalitet og pasienttryggleik i helsetenesta

har kunnskap om metodar for brukarmedverknad og kjenner til verktøy for å drive innovasjonsprosessar, implementering og kontinuerleg forbetringsarbeid

Ferdigheiter:
Kandidaten…

kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom i møte med ulike pasientgrupper og i tverrfagleg, tverrprofesjonell og tverrsektoriell samhandling for å sikre eit koordinert, heilskapleg og samanhengande behandlingsforløp på tvers av verksemder og gjennom heile livsløpet

kan nytte kunnskap om helsefremmande og førebyggande arbeid

kan nytte kulturkompetanse og kulturforståing i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie

kan nytte relasjons-, kommunikasjons og rettleiingskompetanse, samt kunnskap om lærings-, meistrings-og endringsprosessar i rettleiing og undervisning av pasientar, pårørande og anna helsepersonell

kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid, samt treffe val i tråd med kunnskapsbasert praksis

kan reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, og justere eigen praksis i si tenesteutøving

kan reflektere over eksisterande rutinar og metodar, og ta initiativ til dialog om implementering av ny kunnskap og nye arbeidsmetodar

Generell kompetanse:
Kandidaten…

har innsikt i utvikling og bruk av teknologi og digitale løysingar på individ- og systemnivå

kan leie og prioritere oppgåver i sjukepleietenesta

kan planlegge og gjennomføre sjukepleie til akutt, kronisk og kritisk sjuke, og menneske med samansette og komplekse behov

kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelhandtering

kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasientar og pårørande basert på respekt, medverknad og integritet

kan planlegge og gjennomføre målretta tiltak for å redusere uønskte hendingar og variasjon i helsetenesta og tiltak som sikrar trygg overføring av pasientar mellom ulike einingar og nivå i helsetenesta

Innhald

Studiet går over seks semester på heiltid eller åtte semester på samlingsbasert deltid. Studiet er delt inn i 14 emne. I dei ulike emneplanane finn ein ei detaljert skildring av kvart enkelt emne.

Kvart studieår inneheld teori- og praksisstudiar. Gjennomgåande tema i utdanninga er personsentrert sjukepleie, etikk, pasienttryggleik, kommunikasjon, samhandling og fagleg leiing.

Første studieår omfattar grunnleggande sjukepleie, danning og akademisk handtverk, naturvitskaplege tema og leiing av eige arbeid. Andre studieår omfattar sjukepleie til akutt, kronisk og kritisk sjuke pasientar med behov for medisinske, kirurgiske og psykiske helsetenester. Tredje studieår omfattar sjukepleie ved komplekse og samansette pasienttilstander og sjukdomsbilete, og sjukepleiarfunksjonen knytt til fagleg leiing, tenesteutvikling og innovasjon. Systematiske, kvalitetsforbetrande og vitskaplege arbeidsmetodar og kunnskapsformidling er og i fokus. Folkehelsearbeid er i andre eller tredje studieår.

Praksis

Praksisstudium utgjer 90 studiepoeng (2300 timar/60 veker). Det blir lagt til rette for varierte læringsaktivitetar i dei ulike praksisemna, desse går fram av emneplanane. Det er krav om 90 % frammøte i praksisemna jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet nyttar praksisplassar i den enkelte campus sin nærregion. Høgskulen skaffar praksisplassar og det er høve til å søke om tilrettelegging av praksis etter gjeldande reglement.

«Studentane må sjølve skaffe seg bustad og dekke utgifter til reise i praksisperioden. Studentane kan søke om refusjon av bu og reiseutgifter, og utgiftene vert dekka etter Høgskulens reglement for dekking av bu- og reiseutgifter i forbindelse med praksis.»

I tillegg nyttar ein internasjonale praksisplassar innanfor land som er famna av ERASMUS (Europa) sine mobilitetsavtalar, samt enkelte afrikanske land, Australia og Amerika.

Studentane skal i praksisstudia normalt sett rettleiast av sjukepleiar som bør ha rettleiingskompetanse og minst eitt års erfaring som sjukepleiar. Anna personell med minimum tre-årig bachelorutdanning kan ha rettleiingsansvar for studentar der dette er naturleg. Det er rettleiar på praksisplassen som har ansvar for å rettleie studentane i praksisplassen sin spesialitet og eigenart. Studentane skal i hovudsak følge praksisrettleiar sine vakter. Det er praksislærar som har hovudansvar for sluttvurderinga.

Studentane får jamnleg rettleiing og tilbakemelding i praksisemne.

§ 10-7.Ved tvil om studenten består praksis (Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet)

(1) Når det oppstår tvil om studenten vil nå måla for læringsutbyttet og bestå praksis, og tvilen oppstår før studenten er halvvegs i praksisperioden, skal studenten få skriftleg varsel og tilbod om oppfølgjande samtale med praksisstaden og høgskulen. Varsel og samtale om varselet skal gjennomførast på eit tidspunkt som gjev studenten høve til å utvikle tilfredsstillande praksis, og seinast tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal varsel og samtale bli gitt halvvegs i perioden.


(2) Varselet skal presisere kva delar av læringsutbytte studenten står i fare for å ikkje oppnå ut frå studenten si utvikling i praksisperioden. I varselet skal det gå fram korleis studenten kan syne oppnådd læringsutbytte for å bestå praksis. Varselet skal òg vise til retten studenten har på tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen, der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og informasjon om konsekvensar av ikkje bestått praksis. Det skal førast referat frå samtalen og studenten har rett til å levere merknad til referatet.

Studenten kan også utan varsel på førehand få prestasjonen vurdert til ikkje bestått i praksisemne jfr Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Arbeidsformer

Utdanninga legg vekt på å tilby studentaktive læringsformer basert på det fremste innan forsking, fagleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap. Undervisnings- og læringsformer vil variere i dei ulike emna, og dette går fram av dei enkelte emneplanane. Høgskulen på Vestlandet nyttar Canvas som sitt elektroniske læringsstøttesystem.

Obligatoriske læringsaktivitetar

Ulike former for obligatoriske læringsaktivitetar er sett som vilkår for å ha rett til å framstille seg til eksamen/ sluttvurdering i praksis og for å delta i direkte pasientretta arbeid. Ved digital deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar skal studenten ha videokamera på. Dei ulike obligatoriske læringsaktivitetar går fram av emneplanane. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Forventa studieinnsats for ein heiltidsstudent er 40 timar kvar veke. Krav om obligatorisk deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar går fram av emneplan. Med mindre emneplan seier noko anna, er det krav om 80 % frammøte til det som vert sett som obligatorisk deltaking i læringsaktivitetar. I praksisstudia er det krav om 90 % frammøte. Fråvær frå obligatorisk frammøte vert handsama etter Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Vurderingsformer

Kvart emne blir sluttvurdert og dei ulike vurderingsformene kjem fram av emneplanane. Vurderingsuttrykk som nyttast er bestått/ikkje bestått eller gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet - Lovdata

Krav til studieprogresjon

Det vert stilt krav til progresjon i studiet. Krava kjem fram i emneplanane.

Tidlegare tileigna kunnskapar og bruken av desse vil bli etterspurt i påfølgande emne.

Ein student som ikkje fyller krava til progresjon, blir flytta ned eit kull, og får justert utdanningsplanen. Ved overgang til nytt kull vil studieplan for det nye kullet vere gjeldande.

Internasjonalisering

Alle emne ved sjukepleieutdanninga har ein internasjonal profil. Dette omfattar mellom anna bruk av relevant engelskspråkleg litteratur, drøfting av internasjonale faglege problemstillingar i dei ulike emna og undervisning av internasjonale gjesteførelesarar. Det vil også vere aktuelt å invitere internasjonale studentar og/eller lærarar, som er på utvekslingsopphald ved HVL, inn i faglege diskusjonar.

Mobilitetsvindauge

HVL-studentar har fleire høve til å få internasjonal erfaring i løpet av utdanninga. Det vert tilbydd praksisemne i utlandet på 2-6 månadar i samarbeid med våre partnarinstitusjonar både i 2. og 3.studieår som korresponderer med emne i gjeldande studieår.

Innkomande internasjonale studentar får tilbod om tilrettelagt studie/emne av ulike lengde.