Brodert blomstermønster fra en bunad.

Tekstilkultur 2

Vidareutdanning på bachelornivå

Tekstilkultur gir innsikt i historia og tradisjonane våre. Ved å studere tekstilkultur kan du få ei djupare forståing av kulturarv og korleis tekstil har forma samfunnet i ulike tidsepokar. Du vil også lære meir om berekraftig praksis, resirkulering og gjenbruk av materiale – som er viktig for dagens unge.

Bergen

Opptakskrav og søknad

Opptakskrav

Generell studiekompetanse 

Studienummer 9729

Hvordan søke:

  • Logg inn i Søknadsweb
  • Velg opptak: Informasjon kommer
  • Så velger du:  Informajon kommer
  • Velg studiet du vil søke på fra listen (se studietypenummer over).
  • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
  • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
  • Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.

Om å søke opptak til HVL

Studiet er eit samarbeid mellom Vestnorsk Kulturakademi og Høgskulen på Vestlandet. Kurset startes opp med forbehold om tilstrekkelig antall studenter.

Kvifor studere Tekstilkultur 2

Tekstilkultur 2 byggjer på Tekstilkultur 1 og her går ein djupare inn i tekstilfaget. Studiet set fokus på den immaterielle kulturarva, og ser på tekstil i ein nasjonal kulturvern-samanheng og i ein verdsarv-samanheng. Ved å undervise i tekstilkultur kan du som er lærar såleis bidra til å bevare og fremme tradisjonelle handverksteknikkar og kunnskap.

Kva lærer du?

I studiet får du kunnskap og praktisk erfaring med ulike tradisjonelle handverksteknikkar, samt med  å plassere teknikkane i ein kulturhistorisk og samtidsmessig kontekst.  Faget er forankra i tekstil-kunst, -design, -handverk, -industri, og tekstilt kunsthandverk frå ulike tider og kulturar. Den pedagogiske grunntanken er læring gjennom handling.

Du finner mer informasjon i emneplanen for Tekstilkultur 2.

Målgruppe

Denne vidareutdanninga passar for deg som er student, lærar, tilsett i museum, kunstnar eller handverkar.

Praktisk informasjon

Undervisningsform

Vidareutdanninga vektlegg det praktiske, skapande arbeidet i møte med ulike tekstile material og teknikkar og relevante reiskapar. Vidare blir det førelesningar rundt aktuelle kulturhistoriske og samtidsaktuelle tema. Studiet vektlegg òg faglege samtalar og diskusjonar mellom studentane. 

Det er planlagt fem fysiske samlingar og ei digital samling. Alle samlingane vil innehalda ein kombinasjon av teoretisk kunnskap og praktisk trening. I tillegg vil det setjast av tid til individuell rettleiing av semesteroppgåva. Samlingane vil og innehalda eit besøk til eit museum eller galleri. I forkant av fyrste samling er du velkommen til eit digitalt møte med presentasjon av emnet og lærarane.

Den norske kulturarva er ein del av den større verdskulturarva, og studiet har fokus på vårt felles ansvar for å forvalte og vidareformidle den immatrielle kunnskapen, i tråd med konvensjonene til UNESCO. Kvar samling har eit overordna tema som vert formidla både gjennom teoretisk tilknyttning og praktisk arbeid. I tillegg vil studentane få individuell vegleiing innan fordjupningsarbeidet sitt.  

  1. samling:Snorer og band- flette og knyte-teknikkar: slindring, fletting, makrame, (flammeband/ sokkeband), firfletting /slingring med slyngstokkar, knipling. 
  2. samling : Masketeknikkar- strikking, tvebandstrikk, pjoning, hekling, hakking, nålebinding, gimping, nupereller.
  3. samling: Bunad- brikkevev, bandvev, kvitsaum / Hardangersaum, 
  4. samling: Klær- saum, mønsterkonstruksjon, drapering, kvalitet i materialer og handverk, grunnlag for design og redesign/gjenbruk. Vedlikehald og stell. Konservering. 

Digital samling - diverse tekstil-relaterte foredrag

  1. samling: Eksamen og utstilling- Me lærar av kvarandre. Eksamensutstilling og munnleg presentasjon av semesteroppgåvene for heile kurset inkludert sensorane.

Dato for samlingar

Datoer og tider for undervisning for våren -26 vil bli publisert her.

Tilrådde forkunnskapar

Tekstilkultur 2 byggjer på Tekstilkultur 1

Pensum

Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.

Eksamensform

Eksamensutstilling og munnleg presentasjon av semesteroppgåvene for heile kurset inkludert sensorane.

Studieavgift og betaling

Merk: Studier med studieavgift har ekstra krav og vilkår knyttet til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglene for studier med studieavgift.

Studiet kvalifiserer til lån hos Lånekassen.

Kvifor ta meir utdanning?

Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

  • Ny oppdatert fagleg kunnskap
  • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
  • Personleg utvikling
  • Moglegheit for å byggje nettverk
  • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
  • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
  • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

Andre interessante studietilbod

Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs