Dette er en valgfri modul som inngår i «HSPED802 Fagdidaktisk fordjuping i høgskulepedagogikk».
Modulbeskrivelse
Korleis nyttar me universell utforming av IKT til å legge til rette for inkluderande undervisning, uavhengig av funksjonsevne? Modulen vil gje ei innføring i korleis informasjon, digitale læremiddel, undervisning og læringsaktivitetar kan utformast for å inkludere alle studentar.
Deltakarane vil få erfaring i å universelt utforme eiga undervisning, innsikt i kva barrierar som kan oppstå i ei mangfaldig studentgruppe, og bruke kunnskap kring universell utforming for å legge til rette for eit inkluderande læringsmiljø.
Nøkkelbegrep
Universell utforming, funksjonsnedsettingar, IKT, digitale læremiddel, inkluderande utdanning, tilgjengelegheit
- Modulansvarlig: Kristine Ludvigsen
- Opptakskrav: Ingen
- Organisering av modulen: Tre halvdagssamlingar og tilhøyrande mellomarbeid
- Læringsplattform: Canvas
- Målgruppe: Tilsette med undervisningsrelaterte oppgåver
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten:
- har kunnskap om universell utforming av IKT, sentralt lovverk og digitale verktøy for å sikre tilgjengelegheit
- kjenner til barrierar som kan oppstå i ei mangfaldig studentgruppe
Ferdigheitar
Kandidaten:
- kan bruke kunnskap om universell utforming av IKT for å legge til rette for eit inkluderande læringsmiljø, uavhengig av funksjonsevne
- kan reflektere over behov for endring av eiga undervisning
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan planlegge og gjennomføre undervisnings-, og læringsaktivitet i tråd med universell utforming av IKT
Læringsaktiviteter
Modulen består av tre digitale samlingar og tilhøyrande mellomarbeid.
Arbeidsformer som vert nytta er diskusjon, gruppearbeid, førelesing, sjølvstudium, munnleg presentasjon, praktiske øvingar og digitale læringsressursar.
Arbeidskrav
Følgande arbeidskrav er knytta til modulen:
- Delta i innleiande gruppediskusjonar.
- Levere ei oppgåve om korleis ein kan sikre tilgjengelegheit i ulike situasjonar for ei mangfaldig studentgruppe.
- Lage ein presentasjon med refleksjonar kring korleis ein kan gjere eigen undervisning meir inkluderande. Skal presenterast for dei andre kursdeltakarane på siste samling.
Vurdering
- Gjennomføring av arbeidskrav
- Gje attendemelding på kvarandre sitt arbeid
- Deltaking på samlingar
Gjennomføring av modulen:
Første digitale samling : tysdag 22. oktober, kl. 12.15-15.00
- Veien mot en inkluderende høgskole - universell utforming og individuell tilrettelegging v/Thomas Owren, høgskolelektor på Institutt for velferd og deltaking ved HVL
Mellomarbeid: Refleksjon over eiga undervisning – kort skriftleg oppgåve
Andre digitale samling : Tysdag 29. oktober 12:15-15:00
- Inkluderende undervisning - et kræsjkurs med konkrete eksempler v/ Rannveig Beito Svendby, førsteamanuensis i spesialpedagogikk ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet
Mellomarbeid: Produsere ein universelt utforma presentasjon kring korleis ein kan gjere eiga undervisning meir inkluderande
Tredje digitale samling: Måndag 18. november 13:00-15:00
- Deltakarane presenterer
- Erfaringsdeling og vegen vidare
Litteratur
Svendby, R. B. (2023). Inkluderende undervisning i høyere utdanning – Oppstartsguide med inkluderende strategier for undervisere. Cappelen Damm Akademisk.
Bong, W. K. Og Chen, W. (2021). Increasing faculty´s competence in digital accessibility for inclusive education: a systemic literature review. International journal of inclusive education, DOI: 10.1080/13603116.2021.1937344. https://doi.org/10.1080/13603116.2021.1937344.
Langørgen, E. og Magnus, E. (2018). ‘We are just ordinary people working hard to reach our goals!’ Disabled students’ participation in Norwegian higher education. Disability & Society, Volume 33, s. 598-617 https://doi.org/10.1080/09687599.2018.1436041