Utvikling og forvaltning av bygg og eigedom

Vidareutdanning på bachelornivå

Dette studiet er tilrettelagt for deg som skal utvikle eller vere ansvarleg for drift av eigedom. Studiet er bygd opp av to enkeltemne: eit om teknisk forvaltning og eit om juridisk og økonomisk forvaltning.

Bergen

Hopp til

    Påmelding via Norges Eiendomsakademi

    Emnet TAK802 Teknisk forvaltning: Bygningsfysikk, FDVU og ombygging har oppstart januar 2025.

    Kvifor studere utvikling og forvaltning av eigedom?

    Teknisk, juridisk og økonomisk kompetanse er etterspurd i eigedomsbransjen. Studerer du eigedomsutvikling vil du tileigne deg grunnleggande kompetanse om byggtekniske fag, arkitektur, landskapsforvaltning og miljøforvaltning. Du vil lære å forvalte og fornye eigedom på ein forsvarleg og ressurseffektiv måte. Du vil dermed spille ein viktig rolle i arbeidet for økt lønnsemd og samfunnsriktig utnytting av eigedom. 

    Korleis er studiet bygd opp?

    Studieprogrammet er utvikla i samarbeid med Norges Eiendomsakademi og kan gjennomførast på deltid kombinert med jobb. Studiet består av to enkeltemne på 15 studiepoeng kvar, som kan tas kvar for seg eller samanhengande som 30 studiepoeng: 

    Kva lærar du?

    TAK801 Utvikling av eigedom: juridisk og økonomisk forvaltning:

    • Teori om kva eigedom er, eigedomsgrenser og informasjonssystemet for eigedom
    • Lovsystemet rundt etablering og utbygging av eigedom
    • Verdsetting av eigedom, erverv av eigedom og finansmatematikk
    • Analysemetodar for eigedom med bruk av digitale tenester

    TAK802 Teknisk forvaltning: Bygningsfysikk, FDVU og ombygging:

    • Fornying og forvaltning av eksisterande bygningsmasse
    • Bygningsfysikk med teknisk tilstandsanalyse og val av fornyingsform
    • Klimapåkjenningar i form av varmetransport, lufttransport, fukttransport og stråling

    Målgruppe

    Studiet passar for deg som ønsker økt kompetanse innan utvikling og forvaltning av eigedom. Du kan gjerne ha:

    • erfaring frå sal/mekling/utleie
    • erfaring frå forvaltning eller utvikling av eigedom
    • erfaring som eigedomsinvestor
    • erfaring frå byggleiing/prosjektleiing

    Søknadsfrist

    TAK801 og TAK802 har løpande opptak utan fast frist. 

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    I kvart emne blir det heldt to samlingar som går over 3 dagar. Fysisk oppmøte er anbefalt, men det er òg mogleg å delta digitalt via Zoom. I tillegg kjem eigenstudiar, innlevering av obligatoriske øvingsoppgåve og arbeid med avsluttande prosjektarbeid/semesteroppgåve. 

    Samlingsdatoar

    Samlingsdatoar for TAK802 vårsemesteret 2025:

    1. samling (uke 3)
      22. januar (10:00-18:00)
      23. januar (08:15-18:00)
      24. januar (08:15-15:30)

    2. samling - DIGITAL (uke 9)
      4. mars (08:15-15:00)

    3. samling (uke 16)
      23. april (10:00-18:00)
      24. april (08:15-18:00)
      25. april (08:15-15:30)

    Eksamensform

    TAK801: Eksamen består av individuell semesteroppgåve (40 % av endeleg karakter) og digital munnleg eksamen inntil 30 minutt (60 % av endeleg karakter)

    TAK802: Eksamen består av prosjektarbeid (40 % av endeleg karakter) og munnleg eksamen inntil 30 minutt (60 % av endeleg karakter).

    Semesteravgift

    Kr. 30 000,-

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb
    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs