Fleire vil jobbe med teknologi og berekraft
Fleire vil bli ingeniørar på Vestlandet enn i resten av landet – etter søkartala å døme. Elles går søknaden til HVL litt ned, i samsvar med den nasjonale trenden.
Over heile landet går søkarmassen ned mellom to og tre prosent, viser tala etter søknadsfristen til Samordna opptak i april. Dette er første gongen sidan 2010 at søknaden til høgare utdanning går ned – elles har tala berre gått oppover.
Ingeniørfag på veg opp
Søknaden til to av dei største utdanningane ved høgskulen, sjukepleiar og grunnskulelærar, går ned, i tråd med den nasjonale nedgangen for desse utdanningane. Men for ingeniørfaga er tendensen motsett. Mens søknaden går litt ned elles i landet, får desse faga eit lite oppsving ved HVL i år. Særleg populært er bygg, bioingeniør, data og automatisering med robotikk.
- Det er vi veldig glade for. Ingeniørfag har lenge vore i ein bølgedal på grunn av konjunkturane, men no ser vi at det ser ut til å ha snudd hos oss, seier Selvik.
Dekan ved Fakultet for ingeniør og naturfag, Geir Anton Johansen, er nøgd med tala trass i at søkjartala på nokre studieprogram er marginale. Oppgangen starta i fjor, og han håper at den held fram. Søknaden varierer noko frå campus til campus, og det er vanskelegare å rekruttere til små utdanningar – men jamt over er tala gode.
Berekraft er populært
- Ingeniøryrka viste nedgang etter olje- og gassindustrien fekk ein knekk. No ser vi at fleire fagfolk jobbar med omstilling mot fornybar energi og andre område. Ingeniørfaget skal opp igjen! seier Johansen.
Dekanen har også god grunn til å glede seg på vegner av naturfaga ved HVL, som har sterke søkartal: geologi og geofare, landskapsplanlegging, «Climate Change Management» og fornybar energi. Teknologi kopla mot andre fag, særleg med berekraft som tema, er ein kombinasjon som er populær i år.
Innanfor teknologiske fag har også nautikk og maritime operasjonar fått eit stort løft i søkartal. Populært innan samfunnsfaga er økonomi og administrasjon, som får ein auke i søkartal, i motsetnad til trenden på landsbasis, der talet har stått meir stille.
Nedgang for lærar og sjukepleie
Sjukepleie har vore eitt av dei mest populære faga å ha som førsteval dei siste åra, men i år snur trenden – både for HVL og nasjonalt. Eit nytt karakterkrav i matematikk og norsk kan vere noko av årsaka. No må søkarar ha minst 3 i snitt i desse faga, noko som gjer at ein del søkarar fell vekk.
- Men vi har likevel meir enn nok til å fylle studieplassane våre. Så nedgangen her uroar meg ikkje, seier Selvik.
Meir bekymra er ho for trenden når det gjeld søking til grunnskulelærarutdanninga. På landsbasis har det vore jobba hardt for å rekruttere til desse utdanningane, likevel går søkartala ned nasjonalt – og noko meir for HVL. Om nokre år går mange lærarar av med pensjon, og i tillegg skal det tilsetjast fleire lærarar på dei lågaste trinna i skulen. Dermed er behovet for rekruttering stort.
- At ikkje fleire vil bli grunnskulelærarar, er eit stort samfunnsproblem. Slik det ser ut no, kjem vi ikkje til å ha nok nye lærarar til å fylle stillingane, seier Selvik.