Nok ein suksess for norsk barnehageforsking

I år var det BARNkunne sin tur til å vere vertskap, og nærare 300 frå barnehagefeltet var samla for å sette søkelys på samskaping og forskingsbasert pedagogisk innovasjon i barnehagesektoren.

290 deltakarar frå heile barnehagefeltet deltok på Norsk barnehageforskingskonferanse 23. - 24. oktober. Konferansen fann stad ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen og blei i likskap med dei føregåande åra arrangert av BARNkunne og Filiorum. Konferansen som sette søkelys på Samskaping og forskningsbasert pedagogisk innovasjon har fått svært gode tilbakemeldingar frå deltakarane. 

Film fra Norsk barnehageforskingskonferanse ved HVL 2024

Filmen er produsert av Medielab, HVL

Det fremste innan barnehageforsking

Årets barnehageforskingskonferanse er den sjette i rekka, og var nok ein gang ein viktig møtearena for det fremste innan barnehageforsking. På dag to var det gjennomført til saman 15 parallellsesjonar der forsking innan eit bredt nedslagsfelt var presentert. Nokre av tema var bemanning og kvalitet i barnehagen, kulturelt og språkleg mangfald og barns leik på naturområder.

Det var rundborddiskusjonar og symposium med 77 ulike paperpresentasjonar frå forskarar, ph.d-studentar og tilsette frå barnehagefeltet.

– Konferansen var profesjonelt gjennomført med svært høg fagleg kvalitet. Under parallellsesjonane var det rom for gode diskusjonar der nye relasjonar og nettverk vart skapte, seier prorektor for forsking ved HVL Stine Øye etter deltaking på konferansen.  

Samskaping og deling på tvers av fag 

Konferansen har som mål å vere ein arena for utforsking av relevante spørsmål, dilemma og utfordringar sektoren står overfor. 

– Målet vårt er å styrke samarbeidet mellom forsking og praksis på tvers av ulike fagområde. Og det lukkast vi med, seier leiar for BARNkunne Elin E. Ødegaard. 

Det skjer allereie mykje samskaping i barnehagesektoren, som det å skape noko saman med barn, familiar, barnehagelærarstudentar, barnehagar, barnehageeigarar, forskarar, frivillige, ideelle organisasjonar og næringsliv.
Det er denne viljen og dette engasjementet konferansen skal understøtte.

Neste år er det FILIORUM sin tur til å arrangere Norsk barnehageforskingskonferanse som etter planen skal vere 23. - 24. oktober 2025 i Stavanger. 

Bilde frå årets konferanse:

Konferansekomiteén gler seg over mange påmeldte og god stemning i storstuen utanfor Mimes Brønn før konferansen opnar, postdoktor Eya T. Oropilla, Hege Fimreite og stipendiat i BARNkunne Maria Grindheim

Masterstudent Sara Naustvik, stipendiat Pernille Eriksen og postdoktor i BARNkunne Eya T. Oropilla ønsker velkommen og deler ut registreringskort. 

I storstuen på HVL Bergen var det mange aktørar som fekk presentert seg med ulike stands. Alt frå Utdanningsdirektoratet, HVL Alumni og Polylino for å nemne nokre av representantane.    

Det var konsert og underhaldning med KaPLiNG! der barn og barnehagelærarar frå samarbeidsbarnehagar til HVL var invitert inn. 

KaPLiNG! byr på seg sjølv og skapte latter og glede for barn og vaksne i Global Lounge. 

Forskingskoordinator i BARNkunne Olga Shangina har dialog med Kjartan L. Grønhaug frå Medielab, som er ansvarleg for at den tekniske gjennomføringa av konferansen går flytande.   

Marthe Valle opnar konferansen med nydelege tonar på flygelen og velformulerte ord om verdi og vekst, og betydninga av gode felleskap.  
Leiar for BARNkunne Elin Eriksen Ødegaard kan stolt ønske velkommen til Norsk barnehageforskingskonferanse 2024 i ein nesten fullsatt Mimes Brønn.  

Prorektor for forsking ved HVL, Stine Øye innleiar med å anerkjenne forskingssenteret BARNkunne sitt forskingsbidrag og posisjon på barnehagefeltet nasjonalt og internasjonalt. 

Tove Mogstad Slinde er utredningsleder i Kunnskapsdepartementet og presenterer norsk barnehagesektor i verda med erfaringar og perspektiv på internasjonalt samarbeid om utvikling av barnehagar.