Forskingsetikk og personvern

Forskingsetikk omfattar ei rekke sider. To av dei viktigaste er bruk av andre sine arbeid i det du skriv (kjeldebruk og referering) og personvern.

Forskingsetikk

Alle må forhalde seg til forskingsetiske normer, anten du er student eller tilsett forskar. Gjer deg kjent med kva retningslinjer som er særleg viktige i ditt fag. Kjeldebruk og referering må alle ha eit medvite forhold til gjennom heile studiet. Set deg også inn i HVL sine retningslinjer om fusk.

Generelle forskingsetiske prinsipp er forklart på nettsida til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. HVL har også nettsider som samlar informasjon om fleire forskingsetiske forhold.  

Personvern

Skal du samle inn eigne data eller bruke allereie innsamla data til ei FoU-oppgåve, er det viktig at du kjenner til krava til ivaretaking av personvern.

Prosjekt som fell inn under helseforskingslova eller personopplysningslova skal følge HVL sine retningsliner for sikker oppbevaring av persondata. Les meir her: