Byggingeniør (inkludert Y-veg)

Byggingeniøren set spor etter seg, i form av bruer og oljeplattformer, bygningar og byar.

Du kan studere byggingeniør enten Bergen eller i Førde. 

I Førde er prosjekt- og byggeleiing valt som hovudsatsing i studiet.

I Bergen vel du ei av tre studieretningar det andre året, enten konstruksjonsteknikk, miljø, plan og infrastruktur eller prosjekt- og byggeleiing. 

Vil du bli ingeniør, men oppfyller ikkje opptakskravet? Det er fleire vegar inn til denne ingeniørutdanninga, enten via forkurs, y-vegen eller tresemesterordning.