Research in Learning and Teaching (RiLT)
Forskingsgruppa er knytt til master i læring og undervisning på campus Sogndal, og er opptatt av å utvikle kunnskap knytt til læring og undervisning både i grunnskule, vidaregåande opplæring og høgre utdanning.
Gruppa arbeider tematisk med forskings- og utviklingsarbeid knytt til læring, vurdering, motivasjon, læringsleiing, rettleiing, tilpassa opplæring, pedagogisk entreprenørskap, høgskulepedagogikk og digital læring. Street og Rebni er sertifiserte.
Prosjekt
Læreres bruk av abstrakte og konkrete redskaper i undervisning i ungdomskulen
Kontakt: Glenn Kjerland
Lærings- og vurderingsdialogar i klasserommet
Kontakt: Eirik S. Jenssen/ Ann Karin Sandal
Lærande tilsyn?
Undersøking av fylkesmannen si tilsynsordning og skulars læring
Kontakt: Thorvald Moen
Kompetanseheving i lærarane sitt arbeid med Positiv Psykisk helse og læringsmiljø (KLAPP).
PhD-prosjekt
Kontakt: Solrunn Samnøy
Systematisk observasjon
Karin S. Street er involvert i eit internasjonalt forskarnettverk innan systematisk observasjon, som har fått tildelt midlar frå UH-nett Vest til å gjennomføre en pilot og utvikle ein større søknad om prosjektmidlar basert på erfaringane frå piloten.
Prosjektet har som mål å utvikle og pilotere videobasert rettleiing for lærarstudentar i praksisperiodar. Rettleiinga vektlegg lærar‐elev interaksjonar som fremmar sosial og fagleg utvikling hjå elevane og er forankra i det teoretiske rammeverket Teaching Through Interaction (TTI) og observasjonsverktyet Classroom Assessment Scoring System (Pianta et al. 2012). TTI operasjonaliserer interaksjonar i emosjonell støtte, klasseromsorganisering og læringsstøtte.
Vi vil utnytte kompetansen på systematisk videobasert observasjon og rettleiing på tvers av institusjonane, noko som òg vidareutviklar kompetanse hjå UH‐institusjonane. Forskarar ved dei involverte UH‐institusjonane har utvikla eit internasjonalt forskarnettverk innan systematisk observasjon som møtes årleg (for 4.gang i 2020). Dette nettverket vert nytta i utvikling av intervensjonen og i drøfting av resultat.
VIDEO for kvalitet i lærarutdanninga
Utvikling av videokartotek frå klasseromsundervisning
Kontakt: Karin S. Street
Systematisk observasjon i videobasert rettleiing av lærarstudentar i praksis
Kontakt: Karin S. Street
Vitskaplege publikasjonar
Faugstad, R. & Jenssen, E.S. (2019). Læreres opplevelse av muligheter i skole-hjem-samarbeidet. Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis 2019: Volum 13.(1) s. 98-110
Fimreite, H. & Fossøy, I. (2018). Kunnskap i endring. Kollegaveiledning som innfallsvinkel til utvikling av lærande barnehagar.. Nordic Studies in Education 2018; Volum 38.(1) Suppl. 2018 s. 52-66
Fossøy, I. & Haara, F.O. (2016). Training Master Thesis Supervisors within a Professional Learning Community. International Journal of Higher Education, 5(4) s. 184-193
Fossøy, I. (2013). Korleis gjere det vanskelege mindre vanskeleg, og det utydelege meir tydeleg? Kvalifisering av rettleiarar for nyutdanna lærarar - med fokus på samtalerettleiing. FoU i praksis, 7(3) s. 83-103.
Sandal, A.K & Tveit, I. (2017). Klasseleiing – lærarerfaringar frå ungdomstrinnsatsinga. Kap 8 i Postholm et al. Ungdomstrinn i utvikling. En antologi. Universitetsforlaget.
Sandal, A.K. (2019). Korleis opplever elevar møtet med yrkesfaglege utdanningsprogram? Kap 6 i Streitlien, Å. & Aakre, B. M. (Red.) Det store spranget. Oslo: Cappelen Damm.
Sandal, A.K. (2019). Utfordringar og mulegheiter i overgangsprosessen frå ungdomssteget til vidaregåande opplæring. Kap 5. i Å. & Aakre, B. M. (Red.) Det store spranget. Oslo: Cappelen Damm.
Sekkingstad, D. & Fossøy, I. (2019). «It partly breaks up the class environment” – experiences with flipped classroom as a teaching model in higher education. I: Helgesen, Ø. mfl. (red): Modellar – Fjordantologien 2019. (s. 396-418). Oslo: Universitetsforlaget.
Sekkingstad, D.& Syse, . (2019). “Spør oss vi vil bidra” – lærarar som lokomotiv for å fremje skuleutvikling – ein mogleg modell. I: Helgesen, Ø. mfl. (red): Modell – Fjordantologien 2019. (s. 347-455). Oslo: Universitetsforlaget.
Sekkingstad, D. & Fossøy, I. (2018). Høgare utdanning: Kva undervisararar tenkjer om si eiga undervisning. Bedre Skole 2018 (1) s. 56-61.
Sekkingstad, D. & Fossøy, I. (2017). Det er krevjande å tilpasse seg studentane sine behov - refleksjonar over eigen undervisningspraksis. I: Immateriell kapital. Fjordantologien 2017. s. 201-217.
Street, K.E.S., Malmberg, L-E & Stylianides, G.J. (2017) Level, strength, and facet-specific self-efficacy in mathematics test performance. ZDM- The International Journal on Mathematics Education 49(3), 379-395
Street, K.E.S., Malmberg, L-E, & Stylianides, G.J. (2017) Self-Efficacy and mathematics performance: Reciprocal relationships. Proceedings of the Tenth Congress of the European Society for Research in Mathematics Education (CERME 10)
Sørlie, K.E. & Söderlund, G. (2015): Mestringsforventninger og regionale forskjeller. In Langfeldt, Gjert (ed.): Skolens kvalitet skapes lokalt. Bergen, Fagbokforlaget.
Uglum, M.I. (2019). Meistringsopplevingar i den vidaregåande skulen. Spesialpedagogikk 2019 (2) s. 40-49