Overflytting

Høgskulen på Vestlandet opnar for overflytting éin gong i året. Søknadsfrist er 15. april med oppstart i haustsemesteret. Overflyttingsopptaket er ope for både eksterne og interne søkjarar.

Overflytting er mogleg dersom:

  • utdanninga er i samsvar med HVL si utdanning
  • det er ledig kapasitet

Dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar, blir søkarane rangert.

Viktige datoar

1. februar opner Søknadsweb.

15. april er søknadsfristen.

1. juli er frist for å ettersende dokumentasjon for deg som er i utdanning. 

Korleis søke

Du registrerer søknad i Søknadsweb

Dokumentasjon

Dersom du allereie er student ved HVL, treng du ikkje laste opp dokumentasjon i søknaden din. 

Søkjer du frå ein annan institusjon, må du som minimum laste opp

  • karakterutskrift frå noverande studiestad,
  • vitnemål frå vidaregåande,
  • emneskildringar av emne du har teke,
  • emneskildringar av emne du er meldt opp til i vårsemesteret,
  • studieplan/emneoversikt for programmet du går/har gått på.

Poengutrekning

Dersom det er fleire søkjarar enn ledige plassar, vil du bli poengrekna på same måte som i Samordna opptak med mindre noko anna er oppgitt. Poengsummen din blir rekna med utgangspunkt i karakterane dine frå vidaregåande skule. Så blir eventuelle tilleggspoeng lagt til.

Du kan lese meir om korleis vi reknar din poengsum på sidene til Samordna opptak.

Viss det er poenglikskap mellom to eller fleire søkjarar, vert søkjarar med studierett ved Høgskulen på Vestlandet prioritert framfor andre søkjarar.

Godkjenning

Dersom du er i tvil om utdanninga di er i samsvar med HVL si og om søknaden din om overflytting vert godkjend, kan du søke ordinært gjennom Samordna opptak. Etter opptaket kan du søkje om godkjenning av faga du har frå før som er like ved HVL.

Viss du ikkje finn studiet du ønskjer overflytting til i Søknadsweb, kan det vere fordi det ikkje er ledig plass på året du ønskjer opptak til. Du kan søkje ordinært gjennom Samordna opptak, men du har ikkje rett til å starte direkte på 2., 3. eller 4. året viss det ikkje er plass. Då kan det vere at du må vente enten til det blir ledig plass eller at kullet ditt tar igjen progresjonen. 

Les meir om godkjenning her.

Regelverk

Fakultetvis informasjon om overflytting

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN)

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS)

Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)

Fakultetvis informasjon om overflytting


Opptakskontoret