Om Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 16.500 studentar. Kvart år uteksaminerer vi 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.
HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Søknaden blei sendt til NOKUT i juni 2024.
Les strategien til HVL for 2023-2030.
Vi har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Gunnar Yttri er tilsett rektor for perioden 2021-2024. Meir om leiing og organisering.
Kunnskap som bygger menneske og samfunn
Visjon
HVL vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.
HVL utviklar ny kunnskap i tett dialog med omverda. Den kompetansen vi har og den kunnskapen vi utviklar, skal samfunnet kunne ta i bruk. Les meir om korleis du kan samarbeide med oss – anten det gjeld forskingssamarbeid, studentoppgåver, kompetanseheving, eller anna.
Slik kjem du i kontakt med oss
HVL har tre fakultet:
Meir om oss
- Nøkkeltal
- Leiing og organisering
- Styret
- Råd og utval
- Strategi 2023–2030
- Universitetsprosjektet
- Berekraft
- Sentrale styringsdokument
- Studieårskalender
- Ledige stillingar
- Gåveprofessorat
- Tilsette med sidegjeremål
- Meritteringsordning for fremragende undervisere
- Scholars at Risk
- System for arbeid med kvalitet
- Campusane våre
- Historia om oss