Arbeid med kvalitet i grunnskulelærarutdanningane
På denne sida finn du informasjon om arbeid med kvalitet i studieprogram, kvalitet i emne og kvalitet i praksis.
Informasjon om studieprogrammet
FLKI tilbyr grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10 på studiestadane Stord, Sogndal og Bergen. For meir informasjon om studieprogramma, sjå lenkene om studietilbod, studieprogramplanar og forskrifter om rammeplan for studieprogramma.
Sentrale funksjonar for kvalitet i programmet
Studieprogramleiar
Studieprogramleiar: Bodil Kjesbo Risøy
Studieprogramleiar har overordna ansvar for studieprogramma i GLU på tvers av campus, har hovudansvar for oppgåver i linje frå prodekan og er leiar for leiargruppe GLU. Studieprogramleiar leiar arbeidet med kvalitet i programmet og sørgjer for at dette er i tråd med HVLs system for arbeid med kvalitet i utdanningane.
Leiargruppe
Leiargruppa ved grunnskulelærarutdanninga (GLU) består av studieprogramleiar og assisterande instituttleiarar med felles heilskapleg ansvar for å leie studieplanlegging, studiegjennomføring og studieutvikling i GLU.
Ansvar
Gruppa har ansvar for studieleiing og utdanningskvalitet på tvers av campus.
Døme på ansvar og oppgåver er godkjenning av emne og studieprogram, dokumentasjon og utvikling av utdanningskvalitet overordna ansvar for læringsmiljø og planlegging av utdanningsarrangement som studiestart, studentavslutningar med meir.
Årshjul
Leiargruppa lager årshjul med plan for oppgåvedeling. I tillegg samarbeider leiargruppa om å finne gode løysingar for ansvars- og oppgåvedeling undervegs i studieåret.
Medlemmer
Bodil Kjesbo Risøy, studieprogramleiar
Linda Skrede Kallmyr, administrativ utdanningskoordinator
Merete Økland Sortland, assisterande instituttleiar, IIKN
Hege Gjerde Sviggum, ass. instituttleiar, IK
Merete Aronsen, assisterande instituttleiar, IPRS (1–7)
Line Alice Ytrehus, assisterande instituttleiar, IPRS (5-10)
Anders Daniel Faksvåg Haugen, assisterande instituttleiar, ISLMT (1-7)
Tom Rune Kongelf, assisterande instituttleiar, ISLMT (5-10)
Administrativt utdanningsteam
Administrativ utdanningskoordinator ved GLU har det overordna koordineringsansvaret for utdanninga, og sitter i leiargruppa og studieprogramrådet for grunnskulelærarutdanningane.
Administrativ utdanningskoordinator:
Linda Skrede Kallmyr (Alle studiestader)
Det administrative utdanningsteamet har saman eit felles administrativt ansvar for oppfølging av grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, i tillegg til å drive campusretta studierettleiing og praksiskoordinering.
Rettleiing av studentar, kvalitetsarbeid og sakshandsaming
Studierettleiarane sine hovudoppgåver er knytt til rettleiing av studentar, kvalitetsarbeid og sakshandsaming.
Studentane kan kontakte studierettleiar på sin campus med spørsmål om:
- sitt studium
- utdanningsplan
- tilrettelegging i studieløpet
- fagval for dei utdanningane som har det
- godskriving av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar
- eller andre ikkje-faglege problemstillingar
Studierettleiarar:
Anne Martha Paulsen (GLU 1-7 Bergen),
Henriette Gitlesen Egge (GLU 5-10 Bergen),
Anne Jorunn Vikdal (Sogndal)
Vibeke Henriette Kvarven (Stord)
Praksiskoordinatorane administrerer praksisopplæringa
Praksiskoordinatorane administrerer praksisopplæringa i grunnskulelærarutdanninga og er i tett kontakt med studentane, praksisskulane og fagmiljøet på fakultetet.
Praksiskoordinatorane informerer om praksis i samarbeid med profesjonsrettleiarar og fagansvarleg. Dei har også særleg ansvar for å organisere og legge til rette for praksisopplæringa, og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane.
Praksiskoordinatorar
Eva Kristin Garlaus Knutsen (GLU1-7 Bergen) / Jorunn Anette Henriksen (GLU5-10 Bergen)
Marie Gasmann Hermansen (Sogndal)
Katharina Reksten Tufteland (Stord)
Studieprogramråd grunnskulelærarutdanningane
Studieprogramrådet er eit rådgivande organ for studieprogramleiar og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet og læringsmiljøet.
Sjå mandat og medlemmar for studieprogramråd via denne lenkja
Profesjonsrettleiarar
Profesjonsrettleiarane i GLU har ansvar for å følgje opp studentar og praksisstader. Dei samarbeider med studieprogramleiar om å utvikle eit godt læringsmiljø for studentane og eit godt samarbeid med praksisstadene.
Profesjonsrettleiarane er hovudkontakt for studieprogramleiar, assisterande instituttleiarar, praksiskoordinator og studierettleiar ved studieprogrammet. Dei er faglege hovudkontakter for leiinga ved praksisstadane, praksislærarane og praksisrettleiarane til studentane, og har eit særleg ansvar for rettleiing og vurdering av studentar i praksis.
Studentmedverknad
Kvar klasse skal velje to studenttillitsvalde. Oversikt over tillitsvalde skal vere tilgjengeleg i Canvas. Studieprogramleiar avklarer kven som har ansvar for å gjennomføre valet i dei ulike klassane og når valet skal gjennomførast.
Meir informasjon om val av tillitsvalde finn du via denne lenka.
Kvalitet i emne
Emna er knytt til institutta
På FLKI (Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett) er alle emne knytt til eit av dei fire institutta. Dei fire institutta er:
- Institutt for idrett, kosthald og naturfag (IIKN),
- Institutt for kunstfag (IK),
- Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag (IPRS)
- Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking (ISLMT).
På grunnskulelærarutdanninga inngår emne frå alle institutt, og ein assisterande instituttleiar frå kvart institutt har funksjonsansvar for GLU1-7, GLU5-10 eller begge. Desse har eit overordna ansvar for det framhaldande kvalitetsarbeidet som går føre seg i emna.
Studentmedverknad
Studentar kan i det daglege gi tilbakemelding til faglærarar og emneansvarleg om korleis emnet fungerer.
Ein student frå kvar faggruppe på GLU deltek i referansegruppemøte i midten av semesteret og på slutten av kvart semester. Her blir viktige aspekt som fagleg innhald og opplegg, læringsmiljø og læringsutbytte i emne diskutert saman med faglærarar og emneansvarleg.
Om ein student har tilbakemeldingar på eit emne, kan studenten kontakte ein referansegruppemedlem som kan ta dette vidare til evaluering i referansegruppemøte. Les meir om referansegrupper her.
Oversikt over referansegruppemedlemmer skal vere synleg i Canvas. I nokre emne vel emneansvarleg å ha klassemøter i staden for referansegrupper, der kvaliteten på emnet blir diskutert i plenum med faglærarar og emneansvarleg i emnet.
Det blir også gjennomført jamlege anonyme elektroniske evalueringar i alle emna i GLU. Om studenten ikkje ynskjer å ta opp problemstillingar knytt til emnet gjennom dei nemnte kanalane, har den høve til å melde ifrå gjennom HVL sitt Sei ifrå-system.
Emneansvarlege sitt ansvar
Emneansvarleg for eit emne har det overordna faglege ansvaret i emnet. Det inkluderer ansvar for:
- emneplan
- timeplan
- pensumliste
- obligatoriske arbeidskrav
- vurdering
- gjennomføring og evaluering av emnet
Emneansvarleg er sentral for kvalitetsarbeidet på emnenivå ved å vere ansvarleg for kvalitetsutvikling og revidering av emneplan.
Du finn ei nærare oversikt over emneansvarleg sine oppgåver i denne lenka.
Evaluering og oppfølging
Med utgangspunkt i det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane for HVL har det blitt utarbeida retningslinjer og malar for referansegruppene.
Kvalitet i praksis
Medverknad frå praksisfelt og arbeidsliv
Ansvar: studieprogramleiar og assisterande instituttleiar
- Innspel gjennom studieprogramråd
- Innspel gjennom møter med praksisskular
- Møter med skuleeigarar gjennom året
- Informasjons- og planleggingsmøte på ulike nivå
- Profesjonsrettleiar er hovudkontakt for det faglege samarbeidet mellom praksisskulane og høgskulen
Praksiskoordinator
Praksiskoordinatorane er ein del av administrativt utdanningsteam. Dei organiserer og legg til rette for praksis. Dei informerer om praksis i samarbeid med profesjonsrettleiarar og fagansvarleg.
Praksiskoordinatorane har eit særleg ansvar for å administrere praksisopplæringa og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane. Praksiskoordinatorane utarbeider og evaluerer gjeldande retningslinjer og rutinebeskrivingar for praksisgjennomføringa. Praksiskoordinatorane samarbeider tett med profesjonsrettleiarane om gjennomføring av praksis i utdanninga og har oppgåver knytt til møte med praksisfeltet og profesjonsdagar.
Evalueringar av praksis
Ansvar: profesjonsrettleiarane og praksiskoordinatorane
Studentane evaluerer undervegs og ved avslutning av praksisperiode praksisstad, organisering og gjennomføring av praksis.
Anonyme og ikkje-anonyme tilbakemeldingar via SurveyXact og oppsummering i klassa etter gjennomført praksisperiode.
Praksisrettleiarar evaluerer korleis dei opplever praksis og samarbeid med høgskulen i samband med praksisgjennomføring. Tilbakemeldingar går via SurveyXact og i samarbeidsfora med HVL.