Utdanning
Ønsker du å utvikle kompetanse som er etterspurd av havvindnæringa? Les meir om HVL sine utdanningstilbod her.
- HVL har fleire relevante utdanningsprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå som gir verdifull kompetanse for ulike aspekt ved havvindindustrien.
- I tillegg tilbyr HVL fleire etter- og vidareutdanningskurs for leiarar, administrativt personell og ingeniørar.
Kompetanse frå fleire av HVL sine ingeniørutdanningar er etterspurd og relevant for havvindnæringa, og både utviklarar og leverandørar vil ha behov for mange fleire ingeniørar i åra som kjem. I tillegg viser fleire rapportar at det mellom anna er stort behov for maritim kompetanse, prosjektleiarar, og kandidatar med kompetanse innan berekraft og økonomi.
Vi tilbyr utdanningar som er viktige for havvindsektoren
Vidareutdanningskurs
Ønsker du relevant kompetanseheving som du kan ta ved sida av jobb? Vi har fleire spennande vidareutdanningskurs som er relevante for ulike område innan havvind:
- Innføring i havvind.
- Maritime operasjoner for havvind.
- Kompetanseløft for maritim næring.
- Vidareutdanning i Ledelse, økonomi og bærekraft
- Vidareutdanning innan Ingeniør og maritim sektor
På bachelornivå
Automatisering og robotikk
Programmet gir kompetanse for utvikling og styring av fleire ulike automatiserte prosessar som det er behov for innan havvind.
Bærekraftig produksjon og sirkulærøkonomi
Utdanninga gir tverrfagleg ingeniørkompetanse, kombinert med viktige element for havvind-verdikjeda, som berekraft, prosjektutvikling og sirkulærøkonomi.
Elkraftteknikk
Gjennom elkraftutdanninga ved HVL kan ein fordjupe seg i energiproduksjon i vindkraftverk og få kompetanse innan prosjektering av ulike elektriske system.
Energiteknologi
Energiteknologistudiet gir tverrfagleg ingeniørkompetanse der ein mellom anna får kunnskapar om vindkraft og prosjektering av kostnadseffektive energiløysingar.
Fornybar energi
Bachelorutdanninga innan fornybar energi gir tverrfagleg kompetanse innan energiteknologi, energisystem, energiøkonomi og miljøplanlegging.
Havteknologi
Havteknologistudiet gir brei teknisk ingeniørkompetanse som også er etterspurd av havvindnæringa
Maritime management
BAMM er ei overgangsordning frå maritim fagskule der ein får kompetanse innan leiing av maritime operasjonar og organisasjonar.
Marinteknikk
Mariningeniøren kan gjere nødvendige utrekningar for å designe flytande havvindkonstruksjonar og tilhøyrande forankringssystem.
Maskiningeniør
Maskiningeniørutdanninga gir grunnleggande kompetanse som er relevant for design, produksjon og vedlikehald av ulike komponentar i ein havvindturbin.
Nautikk
Maritime operasjonar er sentrale for ein havvindutbygging. Nautikkutdanninga gjer deg i stand til å jobbe som dekksoffiser i alle typar skip, og til å ta del i utviklinga.
Økonomi og administrasjon
Økonomi og administrasjon er ei brei utdanning som gir kompetanse innan leiing, strategi og organisasjonsutvikling, som det er behov for hos havvindutviklarane.
På masternivå
Maritime operasjonar
Masterutdanninga innan maritime operasjonar gir solid kompetanse innan sikker planlegging og leiing av komplekse maritime operasjonar for havvind.
Bærekraftig energiteknologi
Sivilingeniørutdanninga i berekraftig energiteknologi gir deg relevant kompetanse til å jobbe med utvikling av havvindprosjekt og -teknologi.
Anvendt datateknologi og ingeniørvitenskap
Gjennom denne utdanninga kan du spesialisere deg til å arbeide med smarte system for energiproduksjon, smartgrid innan elkraft, samt digitalisering i maritim industri.
Innovasjon og ledelse
Utdanninga gir brei kunnskap innan innovasjon, leiing og forretningsutvikling, og gir eit godt utgangspunkt for å jobbe med prosjektleiing innan havvindnæringa.
Master of science in business
Havvindutviklarar treng siviløkonomar som kan analysere store mengder data i kartlegging av moglegheiter og innan forretningsutvikling.
Ansvarlig innovasjon og bærekraftig verdiskaping
Med denne masterutdanninga kan du få kompetanse i å planlegge og leie innovasjonsprosessar og utvikle nye forretningsområde i havvindnæringa.
Ph.d.
Nautiske operasjoner
Gjennom ph.d.-programmet i Nautiske operasjoner kan du forske og utvikle kunnskap som det er behov for innan havvindnæringa, knytt til sikkerheit, regelverk og maritime operasjonar.
Datateknologi
Gjennom ph.d.-programmet i Datateknologi kan du forske og utvikle kunnskap som det er behov for innan havvindnæringa, knytt til programvareutvikling, sensornettverk og modellering.
Ansvarleg innovasjon og regional utvikling
Gjennom ph.d.-programmet RESINNREG kan du forske og utvikle kunnskap som det er behov for innan havvindnæringa, knytt til grøn innovasjon, industriell innovasjon og energisystemanalyse.