Espira Salamonskogen
På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsbarnehagen Espira Salomonskogen.
Kontaktpersonar
LU-kontakt og 40% delt stilling: Johanne Geitung Håvik
Fou-kontaktar: Sissel Jeanette Halland og Annette Kristoffersen Vinje
Forskings- og utviklingssamarbeid
Kollegarettleiing
I samarbeid med partnarbarnehagen fokuserer me på å auke forståinga av kva forsking og utviklingsarbeid kan vera. Me ønskjer også å stimulera bestillingskompetansen i barnehagen ved å forankra eit FOU arbeid ut i frå barnehagen sitt behov. Dei neste fire åra ønskjer barnehagen å bruka kompetansen dei har fått gjennom rettleiingsutdanning ved HVL og vil jobbe vidare med dette for å få til systematisk kollegarettleiing i barnehagen. Samarbeidspartnar frå HVL er forskargruppa barnehage og profesjonsutdanning ved høgskulelektor Liv Ingrid Fjellanger.
Utvikla praksis ved barnehagelærarutdanninga
Saman med praksislærarar i barnehagen, faglærar i barnehagelærarutdanninga og barnehagelærarstudentar vil me sjå nærare på praksisoppgåvene og korleis ein kan utvikla studentrettleiing. Samarbeidspartnar frå HVL er forskargruppa barnehage og profesjonsutdanning ved førstelektorar i pedagogikk Sissel Aastvedt Halland og Annette Kristoffersen Winje.
Sosial berekraft og mangfold
Barnehagen skal også inn i et FoU samarbeid som rettar seg mot sosial berekraft og mangfald, nærare bestemt Antis-bias og videorettleiing i barnehagen. Dette er eit eksternt finansiert Erasmus prosjekt og er et samarbeid mellom HVL ved campus Stord og universitetet og barnehagar i Belgia, Polen, Østerrike og Spania. Samarbeidspartnarar frå HVL Monica Skaten, Thor Erik Sortland og Maritha Berger Nylund.