Fosshagen utdanningsbarnehage

På denne sida finn du informasjon om lærarutdanningsbarnehagen Fosshagen utdanningsbarnehage og ei beskriving av forskings- og utviklingssamarbeid.

Kontaktpersoner

LU-kontakt: Mari Engesæter, e-post: Mari.Engesaeter@sogndal.kommune.no

FoU-kontakt: Lillian Pedersen

Delt stilling

Jarand Røneid Øvreengen har 20% delt stilling ved  barnehagelærerutdanningen på HVL (pedagogikk), institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag (IPRS) 

Hospitering

Lena Skjerdal

Forskings- og utviklingssamarbeid 

Følgeforsking på kompetanseheving i rettleiing 

Ein stor del av barnehagelærarane i LU-barnehagane som er knytt til HVL har gjennomført eit 15 stp. emne i rettleiing på eigen arbeidsplass. Forskarar frå HVL har følgt opp denne kompetansehevinga, og undersøkt barnehagelærarane sin forståing av rettleiing før og etter den kollektive kompetansehevinga. Artikkelen har fått tittelen Barnehagelærarar si forståing av rettleiing etter kollektiv vidareutdanning i eigen barnehage, og den blir publisert i Norsk Pedagogisk Tidsskrift 4/24. 

 Utvikle samarbeidet 

Fou-kontakt har faste kontordagar i barnehagen. Det har vore to føremål med dette. For det første at fou-kontakten skal bli ein del av fagmiljøet i barnehagen. For det andre at styrar, LU-kontakt, FOU-kontakt og aktuelle praksislærarar og faglærarar skal samarbeide tett om å utvikle innhaldet i og organiseringa av samarbeidspunkta mellom barnehagen og HVL. 

Aksjonsforskingsprosjektet «Opplevingane av fagfellesskap i praksis på barnehagelærarutdanninga» 

Eit av prosjekta vi i samarbeida har utvikla, er at barnehagen har teke imot eit stort tal studentar frå same kull i praksis samstundes. Gjennom eit aksjonsforskingsprosjekt som er designa som ulike aksjonar der aktørane: studentane, praksislærarane og faglærarane er deltakarar, undersøker vi kva moglegheiter for faglege fellesskap som blir skapt når mange studentar frå same kull har praksis i same barnehage og korleis desse faglege fellesskapa blir opplevd? I tillegg går vi djupare inn i aksjonsforskingsdesignet og undersøker kva som skjer når vi brukar ei samskapande og forskingbasert tilnærming til utvikling av praksis 

 LeikForsk Fosshagen utdanningsbarnehage 

Prosjektet bygger på erfaringar og kunnskapar frå EX-PED-LAB, og spesielt samarbeidet HVL og Fosshagen utdanningsbarnehage har hatt knytt til LeikForsk-prosjektet på barnehagelærarutdanninga. På bakgrunn av dette har vi utvikla eit prosjekt som vi kallar LeikForsk Fosshagen utdanningsbarnehage. Føremålet med prosjektet er å utvikle barna sin leik og personalet sin pedagogiske praksis gjennom å arbeide utforskande i verkstader.