Hafslo barne- og ungdomsskule

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsskulen Hafslo barne- og ungdomsskule.

Hafslo barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule i Luster kommune. Skulen står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø og arbeider målretta for å legg til rette for meistring, gjere elevane trygge på seg sjølv og ha respekt for andre. Det er eit mål at alle elevar skal bli sett og lytta til kvar dag. For skuleåret 2024/25 er det 216 elevar på skulen, 31 lærarar og 12 miljørettleiarar.

Kontaktpersonar

LU-kontakt ved Hafslo barne- og ungdomsskule: Sonja Rutledal

FoU-kontakt ved Høgskulen på Vestlandet: Reidun Nerhus Fretland

Delt stilling

Kristine Lyngset Sviggum er lærer ved Hafslo barne- og ungdomsskule og har skoleåret en 20% stilling i kunst og handverk ved institutt for kunstfag. (IK)

Forskings- og utviklingssamarbeid

Hafslo barne- og ungdomsskule (Hafslo BUS) vidarefører erfaringane frå tidlegare fou-samarbeid med HVL knytt til engelsk og elevmedverknad inn imot det kontinuerlege arbeidet med å støtte elevane i deira sjølvregulering. Å jobbe for å støtte elevane si sjølvregulering av læring er blitt eit viktig og langsiktig mål for lærarane på Hafslo BUS.

Arbeid med Fysisk aktiv læring (FAL) kom i gong skuleåret 2023/24, og er satsingsområde i den komande perioden som LU-skule. Hafslo BUS har som mål å vidareutvikle og forankre FAL sterkare opp mot læring i heile kollegiet sin pedagogiske praksis. Dette arbeidet vil bli ytterlegare styrka ved at skulen i tillegg har fått DeKomp-midlar dei to neste åra knytt til FAL som utviklingsarbeid. Det er eit ynskje frå alle partar å sjå LU- og DeKomp-ordninga i samanheng.

Hafslo BUS er positive til å stille opp for masterprosjekt. Det er ynskjeleg at samarbeid og kommunikasjon med masterstudentar blir koordinert via Fou-kontakt ved HVL.

Økokritisk dialog i norskfaget

Det er inngått samarbeid mellom HVL-Campus Sogndal v/Britt Iren Nordeide og ein lærar på Hafslo BU i samband med eit forskingsprosjekt som omhandlar økokritisk dialog i norskfaget. Målet er å undersøke korleis og om arbeid med ei biletbok kan fremje økokritisk literacy og fremje elevar på 2. trinn sitt økokritiske engasjement, og knyte det opp til dei munnlege ferdigheitene kommunikasjon og kommunikativ kompetanse. Dette handlar om at elevane får øving i å la stemma si bli høyrt, stå for det dei meiner og prøve ut sine tankar mot andre. 

Samarbeid mellom faggruppe i matematikk og Hafslo BU

Det er inngått samarbeid mellom faggruppa i matematikk ved HVL, Campus Sogndal v/Lene Hayden Taraldsen og Frode Olav Haara og Hafslo BU i samband med forskingsprosjektet Matematikklærarar si tilrettelegging for utvikling av problemløysingskompetanse i matematikk. Samarbeidet omhandlar gjennomføring av datainnsamling til dette prosjektet der to lærarar frå Hafslo BUS deltek. Datainnsamlinga finn stad i vårsemesteret 2025. Det forskingsretta føremålet med prosjektet er å sjå på ulike måtar matematikklærarar i grunnskulen legg til rette for arbeid med problemløysing, og å få tilgang til grunnar for metodiske val. Dette prosjektsamarbeidet vert og nytta som del av innhaldet i eit emne 4. årsstudentar i matematikk i GLU-utdanningane ved Campus Sogndal gjennomfører i vårsemesteret 2025. Studentane vert

ansvarlege for datainnsamlinga, og kan nytta data frå prosjektet til eigne framtidige masterprosjekt som har opphav i hovudprosjektet sitt formål.

Samarbeid om inkluderande kroppsøving (IMPRATO)

Nokre lærarar ved Hafslo BUS  har hausten 2025 delteke i eit fokusgruppeintervju der dei har samtala om erfaringar og tankar knytt til utfordringar og moglegheiter for tverrfagleg samarbeid om kroppsøving i skulen. Fokusgruppeintervju er del 1 i Anne Skaar (tilsett ved HVL, vernepleieutdanninga) sitt forskingsprosjekt som stipendiat. Hennar prosjekt har til hensikt å utforske og utvikle samarbeidspraksisar mellom kroppsøvingslærarar, fysioterapeutar og eventuelt andre relevante aktørar. Her kan du lesa meir om IMPRATO