Sævarhagen FUS barnehage

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsbarnehagen Sævarhagen FUS.

Kontaktpersonar

LU-kontakt: Victoria Sæternes Lausen

Fou-kontaktar: Sissel Jeanette Halland og Annette Kristoffersen Vinje

Forskings- og utviklingssamarbeid  

I samarbeid med partnarbarnehagen er me i prosess med å auke forståinga av kva forsking og utviklingsarbeid kan vera, Me ønskjer å stimulera bestillingskompetansen i barnehagen ved å forankra eit FOU arbeid ut i frå barnehagen sitt behov og forskargruppene sine interesser og kompetansar. Barnehagen retter sitt behov særleg mot prosjektarbeid med born i barnehagen.

Utvikla praksis ved barnehagelærarutdanninga

Saman med praksislærarar i barnehagen, faglærar i barnehagelærarutdanninga og barnehagelærarstudentar vil me sjå nærare på praksisoppgåvene og korleis ein kan utvikla studentrettleiing. Samarbeidspartnar frå HVL er forskargruppa barnehage og profesjonsutdanning ved førstelektorar i pedagogikk Sissel Aastvedt Halland og Annette Kristoffersen Winje.

Nyutdanna barnehagelærarar

Saman med assistentar i barnehagen vil  forskargruppa barnehage og profesjonsutdanning ved førstelektorar i pedagogikk Sissel Aastvedt Halland og Annette Kristoffersen Winje utvikle kunnskap om korleis det er å ta imot og arbeide med nyutdanna barnehagelærarar.