Stedje barnehage

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsbarnehagen Stedje barnehage.

Kontaktpersonar

LU-kontakt: Anne Mari Hole Sande, e-post: annemari@stedjebarnehage.no 

FoU-kontakt: Anne Grethe Sønsthagen

Hospitering

Traycey Joyce, Kjersti Johannessen og Lena Skjerda

Forskings- og utviklingssamarbeid  

Oppstartsarbeidet i Stedje barnehage hausten 2024 har fokusert på å bli kjent og lande eit tema for utviklingsarbeidet til barnehagen. Vi starta med ein kick-off der vi nytta verkstadsmetodologi for å involvere heile personalet i prosessen. Der vart det jobba med følgande tematikkar:  

Håpe og drøyme 

Kva er drøymevaksenrolla i Stedje barnehage? Korleis ønskjer me at denne skal vere? Legg vekk alle hindringar – her skal de håpe og drøyme! 

Konkretisering og realisme 

Kva skal me konkret arbeide for å få til dette barnehageåret knytt til vaksenrolla? Kva er mogleg? Kva kan hindre oss i å få til dette? Kva ekstra støtte treng me? Kva kan vere moglege tema/problemstillingar for dette arbeidet? 

I dette arbeidet kom det opp fire store problemstillingar som det utover hausten har vorte arbeida med å lande i personalgruppa. Barnehagen har landa på temaet: “Tiltak for å rekruttere og behalde arbeidstakarar til/i Stedje barnehage.” Tematikken skal spissast meir, men personalet har til no komme med fleire forslag til korleis dette kan arbeidast med:  

  • Mentorordning i barnehagen for alle stillingsgrupper med fokus på rettleiing 
  • Tettare samarbeid med ungdomsskule og vidaregåande skule 
  • Promoteringsfilmar inn mot studentar og andre aktuelle arbeidssøkarar i tillegg til promoteringsfilmar for foreldre som skal søke barnehageplass 
  • Synleggjere og marknadsføre kvalitetane til barnehagen i det offentlege rom.  

Dette arbeidet ser vi for oss som todelt, der den eine delen går på rekruttering og den andre går på å behalde arbeidstakarar. Rekruttering blir eit meir praktisk prosjekt innad i barnehagen der vi utarbeidar eit årshjul for når dei ulike promoteringstiltaka bør skje. Det å behalde arbeidstakarar blir eit meir langvarig forskings- og utviklingsprosjekt der vi ser på korleis ei mentorordning for ulike tilsettegrupper i barnehagen kan bidra til å halde på tilsette.    

I det vidare arbeidet vil det vere fokus på å spisse tematikken for forskingsarbeidet endå tydlegare.