Tjødnalio skule

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer på lærarutdanningsskulen Tjødnalio skule.

Kontaktpersonar  

LU-kontakt: Kari Petra Braathen - e-post: Kari.Petra.Braathen@stord.kommune.no

FoU-kontakt: Monica Hauge Skaten 

Hospitering 24/25

Forsking og utviklingssamarbeid 

Tjødnalio blei LU-skule i 2024, men har lengre fartstid som samarbeidspartnar for HVL når det gjeld forsking og praksis. Ved oppstarten av LU-samarbeidet er det fleire satsingsområde som me vil arbeida med, blant anna: 

  • Vidareføring av ReTPro-samarbeidet
  • Leik i skulen 
  • Etablera rammeverk for at masterstudentar kan samarbeida med Tjødnalio skule på relevante problemstillingar 
  • Utvikling av praksis og praksissamarbeid; særleg fokus på overtakingspraksis 

ReTPro

ReTPro (Rehearsing Teaching Professionally) er eit samarbeidsprosjekt mellom lærarutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet, Haugesund og Stord kommune og tre grunnskular; Skåredalen skule, Tjødnalio skule og Nordbygdo ungdomsskule. Me samarbeider også med universitetet i Aberdeen, Skottland og universitetet i Limerick, Irland. 

ReTPro har som overordna mål å bidra til å etablera ei grunnskulelærarutdanning (GLU 1-7 og GLU 5-10) der lærarstudentane får høve til å øva på å vera den fagleg utøvande læraren, også når dei er på campus. Lærarstudentane vekslar mellom å øva på, utøva, undersøkja og reflektera over si eiga og andre si undervisning for å utvikla rike og reflekterte faglege undervisningsrepertoar. Dette skjer i samspel med campuslærarar, praksislærarar, medstudentar og elevar. Me kallar ein slik arena for Øvingsrommet for å synleggjera at me utviklar og studerer kva det vil seia å arbeida øvingsbasert i lærarutdanninga og kva dette medfører for dei involverte. 

I samarbeid med partnarskulane våre fokuserer me på å utvikla undervisningsrepertoar i matematikk og engelsk der me nyttar undervisningsmetodane læringsdialogen og pedagogisk drama for å møta Fagfornyinga sitt verdigrunnlag knytt til inkludering, kritisk tenking og demokratisk medborgarskap. Læringsdialogen og drama er metodar som kvar på sin måte legg til rette for å utvikla dømmekraft gjennom dialogiske møte. 

Her kan du lese meir om prosjektet: Rehearsing Teaching Professionally - Høgskulen på Vestlandet