Gjennomføring av skuleeksamen

Det er viktig at du les gjennom denne sida før eksamensdagen.

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

 

Kort om skuleeksamen

Før eksamen startar

  • Møt opp i eksamenslokalet seinast 20 minutt før eksamensstart.
  • Ved digital skuleeksamen skal maskina vere klargjort og pålogga for digital skuleeksamen 10 minutt før eksamensstart. Du  ha lasta ned og testa ut FLOWlock-nettlesaren før eksamensdagen dersom du skal ha ein låst skuleeksamen eller Device monitor dersom du har ein åpen skuleeksamen. 
  • For å kunne gå opp til eksamen må du vise fram gyldig legitimasjon med bilde, til dømes førarkort (fysisk eller digitalt), bankkort, nasjonalt ID-kort eller pass. Merk at studentkort og studentbevisappen ikkje er rekna som gyldig legitimasjon. Legitimasjonen blir sjekka før eksamensstart så ha den klar når du kjem. 
  • Jakker, sekkar, vesker og liknande skal settast på tilvist stad. Mobiltelefon, hovudtelefonar, smartklokke og anna elektronisk utstyr som ikkje skal brukast under eksamen, skal vere avslått og pakka ned, og skal ikkje oppbevarast i lommer eller ved pulten.
  • Ved skuleeksamen startar eksamen når eksamensoppgåva er utlevert. 
  • Dersom andre hjelpemiddel enn det som er tillate blir funne, vil det bli inndratt og eventuelt bli handtert som fusk eller forsøk på fusk. Du kan på eigen risiko fortsette eksamen og levere eksamenssvaret. Vurdering av eventuell sak om mistanke om fusk/forsøk på fusk, vil bli gjort i etterkant av eksamen

 Om bruk av hjelpemiddel

Under eksamen

  • Du pliktar å rette deg etter instruksar som blir gitt av vakta i eksamenslokalet.
  • Gyldig legitimasjon (med bilde) skal ligge på pulten under heile eksamen.
  • Mat og drikke kan vere på og ved pulten under heile eksamen. Du kan ete og drikke når du sjølv ønskjer det.
  • Du kan ikkje forlate eksamenslokalet før kandidatlista er signert, og tidlegast ein time etter eksamensstart.
  • Studentar som kjem for seint til eksamen, får berre tilgang til eksamen i løpet av den første timen etter at eksamen har starta. 
  • Du kan ikkje kommunisere med andre studentar under eksamen, hverken personleg eller digitalt.
  • Faglærar kan kontaktast dersom det er noko som er uklart i eksamensoppgåva. Slik kontakt blir formidla gjennom eksamensvakt i lokalet.
  • Du kan berre forlate plassen din i følgje med ein eksamensvakt, og etter at papira er tildekka. Du skal ikkje ha tilgang til skriftleg materiale eller elektronisk utstyr under lufteturen.

Ved digital skuleeksamen

  • Ved tekniske problem må du straks tilkalle ein eksamensvakt, teknisk vakt eller eventuelt vente på anna teknisk hjelp. Dersom du ikkje tilkallar eksamensvakt når du oppdagar tekniske problem, kan dette bli handtert som fusk eller forsøk på fusk.

Eksamenssvaret og levering av eksamen

Ved digital skuleeksamen

    • Kandidatnummeret ditt blir automatisk registrert i eksamenssvaret.
    • Du skal skrive direkte i WISEflow. Eksamensoppgåva blir tilgjengeleg i WISEflow ved eksamensstart.
    • Dersom du har behov for å teikne eller skrive delar av svaret ditt på papir, kan du registrere det som ekstramateriale i WISEflow. Det er ditt ansvar å sjå til at dette er lagra i systemet.
    • Du vil få kladdepapir utdelt i lokalet som du kan bruke til å kladde på også på digital skuleeksamen.
    • Ved digital eksamen må du trykke på "gå til innlevering" øvst i høgre hjørne for å levere. Det er ditt ansvar å følgje med på eksamenstida. Når tida er ute er det ikkje mogeleg å skrive meir. Når du vil levere, rekk du opp handa. Eksamensvakta vil då taste inn eit nytt passord som du treng for å avslutte eksamen. Følg vakta sine instruksar. Etter at innleveringa er fullført, får du opp ei  stadfesting. Når du har fått denne, lukkar du ned FLOWlock-nettlesaren og kan slå av maskina. Dersom du har behov for å laste opp bilde eller teikningar, kan du få 15 minutt ekstra tid til det. Spør eksamensvakt om det ved behov.
    • Svaret ditt på digital eksamen vil vere tilgjengelig i deltakararkivet ditt i WISEflow så lenge du er student ved HVL. Dette gjeld ikkje dersom det er ein FLOWmulti-eksamen.
    • Sjå informasjon om FLOWmultieksamen.

Ved papireksamen

  • Det blir utdelt kandidatnummer i eksamenslokalet. Alt innføringspapir må påførast kandidat- og sidenummer. Første og siste ark skal også påførast resterande opplysningar (dato, emnekode, emnenamn, utdanning/ klasse og tal innleverte ark.)
  • Du skal berre bruke papiret som blir utlevert i eksamenslokalet. Anna papir er ikkje tillate. Bruk eigne skrivesaker. Eksamenspapir kan delast ut når du har sett deg, men du kan ikkje skrive eller notere noko før starttidspunktet for eksamen.
  • Eksamenssvaret ditt skal skrivast med svart eller blå kulepenn. Det er ikkje tillate med gelpenn, rollerpenn, blyant eller andre skrivereiskap som ikkje gir gjennomslag. Du er sjølv ansvarleg for at kopien er leseleg.
  • Kladdeark kan ikkje leverast inn saman med svaret ditt.
  • Du kan skrive fram til eksamenstida er ute. 
  • Ved papireksamen har du tid etter endt eksamenstid til å ordne/sortere papira før du leverer inn. Du skal levere eksamen som er skrive på papir digitalt i WISEflow. Sjå meir informasjon om korleis du gjer det her

Blir du sjuk i løpet av skuleeksamen?

Dersom du blir sjuk i løpet av  skuleeksamen, må du melde frå til eksamensvakt før du forlet lokalet. Du må ikkje levere inn eksamenssvaret ditt, då alt som blir levert blir sendt til sensur og du vil ikkje kunne få gyldig fråvær. 

Du må sende inn melding med dokumentasjon frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person for å få godkjent gyldig fråvær seinast 1 veke etter eksamen.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema