Bachelor- og masteroppgåver
Bachelor- og masteroppgåver skal leverast i WISEflow.
Logg på WISEflow
Masterportalen er eit verktøy for å opprette avtale mellom student og rettleiar på masteroppgåver. Det skal også leverast ei kort prosjektskisse i portalen. Sjå meir informasjon om masterportalen.
Logg på masterportalenInnlevering og generelle retningslinjer
Her finn du informasjon om innlevering og generelle retningslinjer for heimeeksamen og oppgåver.
På same side finn du og HVL sine retningslinjer i høve bruk av kunstig intelligens i oppgåver.
Framside, oppgåvetittel og språk
For bachelor- og masteroppgåver skal du fylle ut ei eiga framside som skal vere førsteside i oppgåva. Du skal som hovudregel skrive kandidatnummeret ditt på framsida, men i nokre studieprogram skal ein skrive namnet sitt. Dei det gjeld vil få informasjon frå rettleiar om det eller det kan vere spesifisert i fakultetet sine retningslinjer som du finn nedanfor. Sjå informasjon om kandidatnummer her.
Wordmalar
Bacheloroppgave bokmål
- Forside bacheloroppgave, bokmål
- Forside bacheloroppgave, bokmål, med innholdsfortegnelse, sidetall og overskrifter
Bacheloroppgåve nynorsk
- Framside bacheloroppgåve, nynorsk
- Framside bacheloroppgåve, nynorsk, med innhaldsliste, sidetal og overskrifter
Masteroppgave bokmål
- Forside masteroppgave, bokmål
- Forside masteroppgave, bokmål, med innholdsfortegnelse, sidetall og overskrifter
Masteroppgåve nynorsk
Når du leverer bachelor- eller masteroppgåva di må du fylle ut eit omslag i WISEflow. Dette gjer du ved å svare på nokre spørsmål.
For at tittelen på master- eller bacheloroppgåva skal bli med på vitnemålet ditt, må du sjølv legge den inn i Studentweb.
Det er lurt å ha ein god tittel på oppgåva di, slik at vitnemålet ditt kan gi nyttig og meiningsfull informasjon til framtidige arbeidsgivarar om kva tema du har spesialisert deg i.
Bachelor- eller masteroppgåva skal skrivast på det språket som er mest relevant for innhaldet i oppgåva og dei praktiske forholda for kvar enkelt student. Oppgåver som blir skrivne på norsk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk. Oppgåver som blir skrivne på eit ikkje-skandinavisk språk, skal ha eit kort samandrag på norsk/skandinavisk.
Rettleiingsavtalar og retningslinjer
Skal du samle inn personopplysningar i samband med oppgåveskriving, må du følgje HVL sine forskingsetiske retningslinjer for registrering og handtering av personopplysningar.
Rettleiingsavtalar
Retningslinjer for Fakultet for helse- og sosialvitskap
For studentar som starta arbeidet med bachelor- eller masteroppgåve frå 2022 eller seinare, gjeld desse retningslinjene:
Rettleiar for bacheloroppgåva ved fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)
Rettleiar for masteroppgåva ved fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)
Tekniske retningslinjer
Retningslinjer for Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Retningslinjer for Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
Fristar for innlevering av bacheloroppgåve
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
Ordinær innlevering bacheloroppgåve
20. mai og 20. desember
Dersom datoen for innlevering fell på ein laurdag eller søndag, blir den flytta til førstkomande arbeidsdag.
Det kan være andre datoar på nokre studieprogram, du ser kva som gjeld for deg i Studentweb.
Fristar for innlevering av masteroppgåve
Fakultet for helse- og sosialvitskap
Ordinære innleveringar
15. mai og 1. desember
Nokre masterprogram kan ha avvikande frist, følg med på informasjon i Studentweb.
Utsatt innlevering
31. august
Dersom datoen for innlevering fell på ein laurdag eller søndag, blir den flytta til siste arbeidsdag før helg.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
Ordinære innleveringar
01. juni og 20. desember.
Det kan være unntak for samarbeidsmaster med andre utdanningsinstitusjonar.
Dersom datoen for innlevering fell på ein laurdag eller søndag, blir den flytta til førstkomande arbeidsdag.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Ordinære innleveringar
15. mai og 15. november
Nokre masterprogram kan ha avvikande frist, følg med på informasjon i Studentweb.
Utsatte innleveringar
15. september og 15. februar
Dersom datoen for innlevering fell på ein laurdag eller søndag, blir den flytta til førstkomande arbeidsdag.
Utsatt innlevering
Dersom du ikkje kan levere til ordinær frist kan du trekkje deg frå innlevering seinast 14 dagar før innleveringsfrist og levere ved ny frist, utan å søkje om dette. Nokre faste fristar for masteroppgåver finn du ovanfor på denne sida. Dersom du ikkje finn neste innleveringsfrist her, undersøk med rettleiaren din når det er.
Du må alltid avklare det med rettleiaren din først dersom du ikkje leverer til planlagt tid. Merk at dersom det er obligatoriske læringsaktivitetar i emnet må desse være fullført til ordinær tid.
Dersom du har behov for utvida tid på bachelor- eller masteroppgåva di og trekkfristen er gått ut må du sende søknad om det til eksamen@hvl.no. Du må leggje ved dokumentasjon som viser kvifor det er behov for utvida tid.
Utvida tid til master- eller bacheloroppgåve blir berre innvilga i særlege tilfelle, inntil to veker eller til neste semester sin frist for innlevering. Utviding med eitt semester blir berre gitt to gonger, jf. Forskrift om studium og eksamen §7-4 (5).
Studentar som ikkje leverer bachelor- eller masteroppgåver til ordinær frist, kan trekke seg frå eksamen eller søke om utvida tid, jf § 11-7 (1) og § 7-5 (5).
Publisering av oppgåver
Ønskjer du å gjere bachelor- eller masteroppgåva di tilgjengeleg for andre? Vi tilbyr publisering i HVL Open.
Biblioteket publiserer oppgåvene fortløpande etter at sensur er gitt. Har du spørsmål kring dette kan du kontakte hvl-open@hvl.no
Spørjeundersøking
Skal du gjennomføre spørjeundersøking i oppgåva di kan du nytte verktøyet SurveyXact.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.