Innlevering av heimeeksamen og oppgåver

Her finn du informasjon om innlevering av heimeeksamen og oppgåver.

Når du skal skrive oppgåve, anbefaler vi deg å sjå på biblioteket sine nettsider. I emneplanane står det kva krav som gjeld for oppgåveskriving for det enkelte emnet.

Skal du samle inn personopplysningar i samband med oppgåveskriving, må du følgje HVL sine forskingsetiske retningslinjer for registrering og handtering av personopplysningar. 

Om du studerer ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, finn du tekniske retningslinjer for oppgåveskriving her. 

Innlevering av heimeeksamen og oppgåver

Frist for å levere inn oppgåver er som hovudregel kl. 14.00. Fristen er absolutt. Alle heimeeksamenar og eksamensoppgåver skal leverast digitalt i eksamenssystemet WISEflow

Dokumentet du leverer inn skal ha topp- eller bunntekst med følgjande informasjon: Emnekode, kandidatnummer og dato for innleveringsfrist. Denne informasjonen finn du i Studentweb. 

Slik leverer du i WISEflow

Når du leverer oppgåva i WISEflow blir det automatisk laga ei framside. Denne inneheld dato, emnenamn, kandidatnummer og eventuell anna informasjon. Fyll eventuelt inn det som er nødvendig for å få levert oppgåva, til dømes tal ord.

På heimeeksamenar og oppgåver (FLOWassign) er det krav om at du lastar opp oppgåva di som ei PDF-fil. Denne brukarrettleiinga viser korleis du lagar PDF-filer

 

Logg på WISEflow

 

Du kan når som helst logge på WISEflow for å sjå korleis det ser ut, og gjennomføre demo-eksamen så mange gonger du vil. Vi anbefaler dei to seinaste versjonane av nettlesarane Google Chrome, Mozilla Firefox eller Safari. 

Her finn du meir informasjon om bachelor- og masteroppgåver.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan.

Fyll ut kontaktskjema