Informasjon til praksisfeltet - vidaregåande skule
På denne sida finn du informasjon som er relevant for vidaregåande skular som tek imot studentar frå lærarutdanningane.
Høgskulen på Vestlandet og praksisskulane er likeverdige samarbeidspartnarar som har eit felles ansvar for innhald, kvalitet, vurdering og for progresjonen i praksisopplæringa.
Viktig informasjon om praksis for dei ulike utdanningane og som alle partar må kjenne til finn du på nettsida praksis for lærarutdanning, kultur og idrett.
Rettleiarutdanning for praksislærarar
Høgskulen tilbyr nett- og arbeidsplassbasert vidareutdanning i rettleiing, felles for praksislærarar ved campusane på Stord, i Sogndal og Bergen. Vidareutdanninga består av to emne på 15 studiepoeng kvar, eit grunnemne (emne 1 søknadsfrist 15.april) og eit påbyggingsemne (emne 2 søknadsfrist 15.november.) Les meir om profesjonsretta rettleiarutdanning på denne sida.
Du kan også lese meir om HVL sitt tilbod om vidareutdanning innan skule og utdanning.
Praksisportal
Informasjon om økonomi på PPU
Godtgjersle til praksislærar
Praksislærar får godtgjersle for meirarbeidet i forbindelse med praksis; rettleiing, vurdering og møte. Timesatsen er på kroner 405,-. Følgjer fleire praksislærarar opp same student, skal dei dele rettleiingstimane mellom seg.
Tal studentar |
Timar til rettleiing, vurdering og møte, 30 dagar praksis |
Timar til rettleiing, vurdering og møte, 20 dagar praksis |
1 student |
40 timar |
30 timar |
2 studentar |
50 timar |
40 timar |
Skular som HVL har kontrakt med vil få eit kontraktsvedlegg i praksisportalen som skal brukast som bilag til faktura. Her vil arbeidsgjevaravgift, feriepengar og administrativt tillegg bli lagt til.
Ved skular som ikkje har avtale med HVL blir praksislærar betalt direkte ut i frå oversikta ovanfor.
Informasjon om økonomi på LUPE
Praksislærar får godtgjersle for meirarbeidet i forbindelse med praksis. Timesats kr. 405,-. Denne satsen inkluderer rettleiing, for- og etterarbeid og møtetid. Følgjer fleire praksislærarar opp same student/gruppe, skal dei dele godtgjersla mellom seg.
Godtgjersla reknast slik:
1-2 studentar: 10 timar per veke
3 studentar: 12 timar per veke
4 studentar: 14 timar per veke
5 studentar: 16 timar per veke
Skular som HVL har kontrakt med vil få eit kontraktsvedlegg i praksisportalen som skal brukast som bilag til faktura. Her vil arbeidsgjevaravgift, feriepengar og administrativt tillegg bli lagt til.
Ved skular som ikkje har avtale med HVL blir praksislærer betalt direkte ut i frå oversikta ovanfor.
Refusjon
Skular som har avtale om praksisopplæring med HVL:
Høgskulen sender ut årlege refusjonsskjema.
Skulen sender faktura på avtalt beløp til høgskulen. Kontraktsvedlegget brukast som vedlegg til faktura. Faktura kan ikkje sendast i post/papirform.
Fakturainformasjon
E-fakturaadresse: 0192:917641404
Høgskulen på Vestlandet
Postboks 7030
5020 Bergen
Organisasjonsnummer: 917641404
Hugs å oppgi rett referanse/bestillarkode: 485011
Dersom leverandør ikkje har moglegheit til å sende faktura elektronisk, kan faktura sendast gjennom vår fakturaportal.
Godtgjersle knytt til administrativt arbeid ved praksisskular som har avtale med HVL
Praksisskulen skal peika ut ein person som vert praksisansvarleg ved skulen. For å dekke løn for arbeid for praksisansvarleg får praksisskulen årleg overført kr 1000 som grunnbeløp og deretter kr 500 pr student.
Aktuelle arbeidsoppgåver for praksislærar og praksisansvarleg kjem fram under ansvarsforhold på nettsida for praksis.
Skular som ikkje har avtale med HVL:
- HVL sender lønnskontrakt direkte til praksislærar.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet
Kontaktpersonar for PPU:
Bergen: Frøy Loe
Stord: Katharina Reksten Tufteland
Sogndal: Marie Hermansen