Semesterregistrering
Du semesterregistrerer deg i Studentweb kvart semester du er student hos oss.
Ny student?
Innan 1. august får du SMS med pinkode. Du kan ikkje registrere deg før du har fått SMS. Når du har fått pinkoden loggar du på Studentweb. Har du fått studieplass etter 1. august, vil du få SMS nokre dagar etter du har takka ja.
Gjer deg klar til studiestart - les kva du må gjere her!
Kva er semesterregistrering?
Semesterregistrering vil seie at du melder deg opp til undervising og eksamen for dei emna du skal ta. Som regel er emna allereie lagt inn i systemet for deg, så du treng berre å godkjenne utdanningsplanen. I Studentweb opprettar du også faktura for å betale semesteravgift.
Innlogging til StudentwebNår opnar Studentweb for registrering?
Er du i gang med studia, kan du semesterregistrere deg for haustsemesteret frå 15. juli, og for vårsemesteret 15. desember. Ordinær studiestart er midten av august for haustsemesteret. Studieåret blir avslutta i slutten av juni for vårsemesteret.
Frist for semesterregistrering og betaling
- 1. september i haustsemesteret
- 1. februar i vårsemesteret
Er oppstarten utanfor ordinær studiestart, er fristen 14 dagar etter oppstart.
Semesteravgift
Semesteravgifta er på kr 650. I tillegg er det ein kopi- og læremiddelavgift på 200 kroner. Du kan òg gi eit valfritt bidrag til SAIH på 40 kr.
Merk at det kan ta opptil tre dagar før betalinga er registrert og synleg i Studentweb.
Semesteravgifta er ei lovpålagt avgift til Studentsamskipnaden (Sammen) som alle studentar må betale. Pengane finansierer mellom anna velferdstilboda til studentene.
Det er ingen samanheng mellom kopi- og læremiddelavgifta og din personlege utskriftskonto ved HVL. Her finn du meir informasjon om korleis du fyller opp studentkortet ditt for å skrive ut på HVL sine skrivarar.
Har du betalt semesteravgift, men trekkjer deg eller avbryt studiet, kan du få tilbakebetalt semesteravgifta. Då sender du ein e-post til semesterreg@hvl.no. Hugs å ta med studentnummeret ditt. Frist for dette er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. Vi må ha registrert deg som slutta eller trekt før du kan sende refusjonskrav. Her finn du meir informasjon om kva du må gjere dersom du skal sei frå deg studieplassen.
Fritak frå semesteravgifta
Tar du utdanning ved fleire institusjonar på same tid? Då skal du berre betale semesteravgift der du tar flest studiepoeng. For å få fritak ved HVL sender du e-post til semesterreg@hvl.no og legg ved kvittering frå banken på semesteravgifta du har betalt til den andre institusjonen. Hugs å ta med studentnummeret ditt. Frist for dette er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.
Tar du vidareutdanning? Studentar som tar vidareutdanning er som regel fritatt for å betale semesteravgift til Saman. Det vil stå i Studentweb om du har fritak for semesteravgifta eller ikkje. For vidareutdanningar, utdanningar med studieavgift og oppdragsbaserte utdanningar med oppstart etter semesterregistreringsfristen 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, er fristen seinast 14 dagar etter oppstart.
Er du fritatt, kan du likevel velje å betale semesteravgifta. Då får du studentbevis som gir ulike studentfordelar. Betalt semesteravgift gir også moglegheit til å søke lån/stipend hos Lånekassen. Dei krev at semesteravgifta er betalt. Ta kontakt med semesterreg@hvl.no for å opprette faktura for semesteravgift dersom du har fritak, men ønskjer å betale.
Studieavgift
Det er viktig å merke seg at studieavgift og semesteravgift ikkje er det same. Studieavgifta er som regel eit vesentleg høgare beløp. Studieavgifta er oppgitt på studietilbodssida om studiet.
Er du student på eit studie med studieavgift, må du setje deg inn vilkåra for betaling.
Studentar som er tatt opp til studium som til saman er normert til mindre enn 15 studiepoeng per semester, skal betale kopi- og læremiddelavgift berre i semester med eksamen. Studenten kan velje å betale semesteravgift i semester utan eksamen.
Stadfesting på at du er student
Du kan logge inn på Studentweb for å bestille bekreftelse med digital signatur. Logg inn, klikk på «Mer» i rullegardina, vel «Bestillinger» og «Bekreftelse».
Om denne stadfestinga ikkje er nok, kan du bestille stadfesting her.
Har du spørsmål?
Send gjerne inn spørsmål fra dette skjemaet.