
Velkommen som ny student ved campus Stord
Her kjem det oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Studiestart studieåret 2025-2026 vil vere frå og med måndag 11. august 2025, men akkurat kva for dag du skal møte opp kan variere.
00
Oppstartsarrangementet 11. august er primært for nye studentar på bachelorprogramma og den femårige lærarutdanninga. Nye studentar på masterprogram, vidareutdanningar, års- og halvtårsstudium kan ha oppstart andre dagar.
Fadderaktivitetar
Under studiestart er det også mange fadderaktivitetar.
Er du student på PPU, master- eller vidareutdanning?
Desse utdanningane har eigne program, og kan ha oppstart ein annan dag enn 11. august.
Er du ikkje ny student?
Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart.