Vanlege spørsmål ved studiestart

Er du ny student ved Høgskulen på Vestlandet? Vi har samla ein del ofte stilte spørsmål om studiestart.

Når er studiestart?

Frå og med måndag 14. august. 

Det er ulikt når du skal starte avhengig av kva du skal starte på. Sjekk timeplanen din.

Må eg møte opp til studiestart?

Nei, det er ikkje obligatorisk å møte opp fysisk til studiestart, men vi anbefaler det sterkt. Du får mykje informasjon denne dagen, og eit første møte med klassen din.

Hugs at om du fekk plass i Samordna opptak eller skal gå TRES/Y-veg, skal du gjennomføre digital oppstartsregistrering sjølv om du ikkje møter på campus. Elles mister du studieplassen din. 

Særskild for hausten 2023: Er du redd for at uvêret skal hindre deg frå å komme til campus? Høgskulen på Vestlandet vil legge til rette for dei som ikkje kjem seg fram til studiestart pga vêret eller stengte vegar. Du kan i så fall kontakte faglærar, t.d. via Canvas.

Digital oppstartsregistrering gjer du her. Du vil få ein kode på SMS 11. august, og du må gjere registreringa innan 14. august kl. 15.00. 

Når kan eg semesterregistrere meg?

Du får ein PIN-kode på SMS frå oss når du kan registrere deg. Når du har fått PIN-koden loggar du på Studentweb for å registrere deg. 

Siste frist for å semesterregistrere deg er er 1. september for høstsemester og 1. februar for vårsemester, men du du bør gjere det så fort du får SMS frå oss slik at du får studielån, studentbevis med meir.

Vi har laga ei oppskrift på korleis du semesterregisterer deg.

Eg har oppstartsregistrert meg, må eg også semesterregistrere meg?

Ja, du må gjere begge deler, ellers mister du studieplassen din. 

Oppstartsregistreringa er ein bekreftelse frå deg at du ønskjer å starte på studiet. Det er for at vi skal kunne gje plassen vidare dersom du har ombestemt deg. Oppstartsregistreringa gjer du 14. august. 

Semesterregistrering vil seie at du melder deg opp til undervising og eksamen for dei emna du skal ta. Du registrerer deg kvart semester du er student. Semesterregistreringa må du gjere innan 1. september for hausten og 1. februar for våren. 

Slik semesterregistrerer du deg.

Studiet mitt krev politiattest, korleis bestiller eg det?

Når får eg studielån frå Lånekassen?

Så snart du har fått studieplass, kan du søke om lån og stipend hos Lånekassen.

MEN du får ikkje pengane før du har betalt semesteravgift og fullført semesterregistreringa.

Når du søker om studielån, må du oppgi ein utdanningskategori. Vi har laga ei liste med kva utdanningar som høyrer til kva kategori.

 

Kvar finn eg timeplanen min?

Viss du ikkje har ein studentbrukar ennå, kan du gå inn her og søke opp studiet du skal starte på. 

Har du ein studentbrukar, kan du sjekke timeplanen via Canvas

Canvas, kva er det og korleis bruker eg det?

Canvas er ein digital læringsplattform du kjem til å bruke mykje som student. Her finn du all informasjon du treng om emna du skal ta, undervisning og kontakt med forelesarar. Her vil du også finne timeplanen din og pensumlister. 

For å få tilgang til Canvas må du først semesterregistrere deg og aktivere brukarkontoen din.  Merk at det kan ta eit par timar før påloggingen din vil virke! 

Sjekk ut Canvas! 

Må eg skrive på nynorsk?

Nei, det må du ikkje. Høgskulen på Vestlandet er opptatt av å bruke nynorsk, men du kan fritt velje den målforma du sjølv ønskjer!  

Kvar finn eg pensumlista?

Når du har fått tilgang i Canvas, kan du velje pensumlenka under det aktuelle emnet.

Du kan også søke opp pensum i HVL sitt pensumlistesystem.

Viss du ikkje veit kva emna du skal ta heiter, kan du anten finne det i utdanningsplanen din i Studentweb eller søke fram studiet på hvl.no og sjå på emneoversikten.

Sjekk på Canvas eller høyr med emneansvarleg kva for pensumbøker det er viktig eller lurt å skaffe seg. Det blir ikkje forventa at du skal ha alt klart til studiestart.

Korleis melder eg meg opp til eksamen?

Oppmelding til undervisning og eksamen er ein del av semesterregistreringa i Studentweb. Når du godkjenner utdanningsplanen din for gjeldande semester, melder du deg opp til undervisning og eksamen i emna som ligg i planen din. 

Meir om oppmelding til eksamen  

 

Når får eg studentkortet mitt? 

For å få eit studentkort ved HVL må du laste opp eit bilde av deg sjølv på mittbilde.hvl.no

Hugs at studentkortet er ditt nøkkelkort til campus, så last opp bildet så fort som mogleg. Kortet er klart ca. ein veke etter du har lasta opp bildet.

Her finn du meir informasjon om studentkort, kva slags bilde du må ha og korleis du kan hente det ut. 

 

Eg har utdanning frå før, kan eg få fritak?

Ja, du kan søke om å få tidligare utdanning innpassa i studiet du skal starte på nå. Vi har eit elektronisk skjema du kan sende inn, men du kan ikkje gjere det før du har fått ein studentbrukar. 

Du finn meir informasjon om fritak her.

Korleis kan eg få individuell tilrettelegging?

Funksjonsnedsetting eller andre særskilde behov kan gi deg rett på individuell tilrettelegging.

Hugs på at som ny student er fristen for å søke om tilrettelegging 1. september for haustsemesteret og 1. februar om du byrjar om våren.

Her kan du finne meir informasjon om tilrettelegging.

Kva skjer i fadderveka?

Korleis kan eg bli kjend med andre studentar?

Hugs at dei fleste er i samme situasjon som deg, og har lyst til å bli kjend med deg!

På alle campusar finn du ulike studentorganisasjonar og linjeforeninger du kan engasjere deg i, og bli kjend med andre på tvers av studium. 

Les om studentlivet på din campus.

Vil du ha hjelp til å lykkast fagleg og sosialt? Ved Høgskulen på Vestlandet kan studentassistentane vere med og gi deg ein trygg start på studentlivet. Sjå meir i videoen under.

Korleis finn eg fram til/på campus?

Korleis er det på campus?

Nysgjerrig på korleis det er på plassen du skal studere? Finn ut meir om campusen din!

 

Korleis finn eg meg ein plass å bu?

Som student kan du leige privat eller gjennom studentsamskipnaden Saman. Hugs at det kan vere lurt å sette seg inn i kva slags reglar som gjeld for deg som leigetakar.  

Hybel i Sogndal

Hybel i Bergen

Hybel i Haugesund

Hybel på Stord

Hybel i Førde

Kva gjer eg om eg blir usikker på studieval eller kva som er vegen videre?

Det er ikkje uvanleg å bli usikker eller ha spørsmål knytt til studieval eller vegen vidare. Vi har studierettleiarar som kan hjelpe deg!

Les meir om dei ulike tilboda her. 

 

Lurer du på noko du ikkje fann svaret på?

Chat med boten Mime! Chatten finn du nedst i hjørnet.