Studentar sit på plenen på campus.

Velkommen som ny student ved HVL i Haugesund!

Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Vi gleder oss til å sjå deg på campus!

Studiestart studieåret 2025-2026 vil vere frå og med måndag 11. august 2025, men akkurat kva for dag du skal møte opp kan variere.

Oppstartsarrangementet 11. august er primært for nye studentar på bachelorprogramma. Nye studentar på forkurs, masterprogram, vidareutdanningar, års- og halvtårsstudium kan ha oppstart andre dagar.

Skal du starte på økonomi og administrasjon?

Kurs i matematikk

Studiet krev gode forkunnskapar i matematikk. Vi anbefalar difor studentar med praktisk matematikk (P-matte) frå videregåande skule å delta på forberedande kurs.

Tidspunkt kjem.
Det er ikkje påmelding til forkurset.

Les meir om forkurset.

Fadderaktivitetar 

Under studiestart er det også mange fadderaktivitetar. Sjå programmet for fadderveka!

Er du student på forkurs, realfagskurs, master eller vidareutdanning?

Disse utdanningane har eigne program, og kan ha oppstart ein annan dag enn 11. august. Informasjon vil bli lagt ut her:

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart. 

 

Campus ligger midt i sentrum, slik at du har alt du trenger i nærheten. Dette er stedet som er lite nok til at det er enkelt å bli kjent, men stort nok til at du har mange valgmuligheter.


Har du spørsmål eller vil du ha hjelp? 

Treng du hjelp med semesterregistrering, aktivering av brukerkonto eller multifaktor pålogging, kan chatboten vår hjelpe deg! Chatten heiter Mime, og du finn han nedst i hjørnet. Mime kan òg svare på andre spørsmål du har, berre prøv!

Mellom kl. 08.00–15.00 er du også velkommen til å ringe Servicetorget55 58 58 00.

Servicetorget i Haugesund

E-post: servicetorget@hvl.no

Telefon: 55 58 58 00