Velkommen som ny student ved HVL i Førde

Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Vi gleder oss til å sjå deg på campus!

Studiestart studieåret 2024–2025 vil vere frå og med måndag 12. august 2024, men akkurat kva for dag du skal møte opp kan variere.

Program for velkomstveka i Førde

Måndag 12. august

Måndag er det studiestart og velkomstseremoni på campus. Møt opp på klasseromma kl. 09.00:

  • Sjukepleie: rom Sunnfjord
  • Informasjonsteknologi: rom Balchen
  • Elektroingeniør: rom Nordfjord

Program:

09.00–11.30: Oppstart i klasseromma.

11.30–12.30: Fadrane tek med seg faddergruppene si til lunsj.

12.30–13.30: Velkomstseremoni i kantina.

Seinare på ettermiddagen blir det felles buss til alkoholfritt fadderarrangement på Kråkenesmarka, der vi køyrer GoKart og får ein matbit. Pulje 1 tar buss frå HVL 14.30, og pulje 2 tar buss frå HVL 16.40. Det blir òg aktivitetar med faddergruppa på kvelden.

 

Tysdag 13. august

09.00: Studentfrukost for nye studentar og fadrar i kantina. Informasjon om studentvelferd og livet som student.

10.15–14.00: Fagleg opplegg

Fadderaktivitetar: Volleyballspel ved skulen og temafest på Førdehuset om kvelden.

Onsdag 14. august

10.15–14.00: Fagleg opplegg

Fadderaktivitetar: Først gummibåtrafting ned elva frå campus, deretter quiz.

Torsdag 15. august

10.15–14.00: Fagleg opplegg

Fadderaktivitetar i Førde sentrum.

Fredag 16. august

10.15–14.00: Fagleg opplegg

Fadderaktivitetar: Klatring om ettermiddagen og arrangement på Akutten om kvelden.

Det blir òg fadderaktivitetar i helga.

Er du student på master- eller vidareutdanning?

Desse utdanningane har eigne program, og kan ha oppstart ein annan dag enn 12. august.

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart. 

Her kan du nyte friluftslivet på fjell og fjord, gå på konsert eller engasjere deg i idrettsaktiviteter. Det er et summende liv på campus og det er enkelt å bli kjent med de andre som studerer her.


Har du spørsmål? 

Eller chat med boten Mime! Chatten finn du nedst i hjørnet.

Mellom kl. 08.00–15.00 er du også alltid velkommen til å ringe Servicetorget55 58 58 00.

Servicetorget i Førde

E-post: servicetorget@hvl.no

Telefon: 55 58 58 00