Slik søker du om tilrettelegging

Når du søker om tilrettelegging, skal dokumentasjon som forklarer behovet leggast ved søknaden. Dersom behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen, skal det kome tydeleg fram av dokumentasjonen.

Dokumentasjon på sjukdom kan scannast inn saman med skjemaet og sendast på e-post til post@hvl.no. Vi gjer merksam på at dokumentasjon på sjukdom kan innehalde sensitive opplysningar og ikkje reknast som trygt å sende per e-post. Du sender dette på eige ansvar. I emnefeltet skriv du «Tilrettelegging av undervisning» og kva campus du tilhøyrer.

Du kan også levere skjema og dokumentasjon i Servicetorget på studiestaden din, eller sende det til Høgskulen på Vestlandet, Postboks 7030, 5020 Bergen.

Meir informasjon om tilrettelegging finn du i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, § 7. 

Les også om: