Tilrettelegging av studiesituasjonen

Studentar som har dokumenterte særskilte behov kan søke om tilrettelegging i studiesituasjonen.

Retten tilrettelegging er heimla i universitets- og høgskulelova § 4-3(5) og spesifisert i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet kap. 7.

Tilrettelegginga skal ikkje føre til seinking av dei faglege krava i studiet, og tilrettelegginga er avgrensa til tiltak som ikkje er urimeleg ressurskrevjande for høgskulen.

Kva kan du søke om?

  • Tilrettelegging av undervisning og obligatorisk læringsaktivitet §7-3
  • Tilrettelegging av arbeidskrav § 7-4
  • Hjelpemiddel som tilretteleggingstiltak i undervising § 7-3
  • Reservert leseplass eller kontor for studentar med behov for særskilt utforming, til dømes spesialmøblar eller skjerming § 7-7.

Dokumentasjon på særskilt behov for tilrettelegging skal vere skrive ut av lege, psykolog eller annan sakkunnig person.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er seinast 1. september for haustsemesteret eller 1. februar for vårsemesteret. Dersom det oppstår akutt behov for tilrettelegging skal søknaden sendast med ein gong. Dersom omfang og type arbeidskrav/undervising ikkje er publisert innan søknadsfristen, kan søknaden sendast når informasjonen er publisert.

Bruk søknadsskjemaet du finn på nettsida «Slik søker du om tilrettelegging», eller ta kontakt med oss for hjelp eller rettleiing knytt til tilrettelegging. For hjelp til søknaden, ta kontakt med tilrettelegging@hvl.no.