Biblioteket på Kronstad

Campus i Bergen

Velkommen til vårt campus på Kronstad, berre ni minutt med bybanen frå Bergen sentrum.

Visste du at du kan studere areal og eigendom, barnehagelærarutdanning, byggingeniør, bioingeniør, dataingeniør, drama og teater, ergoterapi, fysioterapi, grunnskulelærar, havteknologi, informasjonsteknologi, marinteknikk, organisasjon og leiing, radiografi, sosialt arbeid, sjukepleie, undervannsteknologi, vernepleie, teiknspråk og tolking, og mykje meir ved Høgskulen på Vestlandet sin campus i Bergen?

På campus er det mange spesialrom for utdanning, som laboratorium for ingeniørstudentar, øvingsrom for musikk og dans, og eit minisjukehus. Vi har eit nytt læringslaboratoirum og ein idrettspark utstyrt med friidrettsanlegg. Men campus er ikkje laga berre for studia dine. I pausane kan du og vennene dine ta ein pust i bakken i ei av kantinene, i kaffibaren, eller berre sige ned i ein av godstolane i det flotte biblioteket vårt.

Du kan også ta deg ein digital rundtur på campus Bergen 

Fleire av husa på campus var tidlegare verkstadar for jernbanen. Eit av husa er no campusbiblioteket vårt, eit anna er kantine, og eit tredje blitt til studenthuset med Kronbar.

Kva kan vi hjelpe med?

I 1. etasje i K2 finn du studentrådgivinga, som hjelper deg med spørsmål som angår studia dine. Her kan du få rettleiing om t.d. utveksling, praksis og eksamen. Du kan komme innom, eller du kan bestille tid for individuell rettleiing.

Du kan óg ta kontakt med servicetorget i 1. etasje i K1 for hjelp. Servicetorget kan hjelpe deg med praktiske gjeremål, som bl.a. studentkort, bokskap og innlevering av søknader.

Servicetorget kan óg hjelpe deg med tilkobling til det trådlause nettverket på høgskulen. I tillegg har vi IT-hjelp for studentar, som både kan hjelpe deg med dette og med andre IT-spørsmål.

Vakttelefon:

Opningstid og tilgang

Frå og med 12. august vil hovudinngangen på campusbygga vere opne for besøkande måndag–fredag kl. 08.00–15.00. (Frå 15. september til 15. mai er opningstida 07.30–15.45.)

Studentar kan óg bruke nøkkelkort i desse tidsromma:

  • Måndag–fredag kl. 07.30–22.00
  • Laurdag kl. 10.00–18.00
  • Søndag kl. 10.00–18.00: inngangen på sørsida av K2

Tilsette har tilgang måndag–søndag kl. 06.00–00.00.

Mat og drikke

Hovudkafeen i Bergen ligg i K1, og det same gjer kaffibaren Stasjonen

Kafeen Sidesporet finn du i K2.

Campuskart

Finn romma på Kronstad

I appen Mazemap får du hjelp til å finne fram til rom på Kronstad. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play. Mazemap finst også på nettsida use.mazemap.com.