Opptak til Healthy Ageing and Rehabilitation

Dette må du legge ved søknaden din:

  1. CV-en din inkludert utdanningsbakgrunn
  2. Vitnemål frå vidaregåande skule
  3. Vitnemål frå relevant universitetsgrad, inkludert karakterskala
  4. Karakterutskrift eller emneliste frå universitetet du har avlagt graden
  5. Dokumentasjon av engelskkunnskapar
  6. Kopi av pass eller bilde-ID inkludert fullt namn, fødselsdato og kjønn
  7. Eit brev som stadfestar finansiering av reise, mat og losji for to korte opphald i studieperioden
  8. Motivasjonsbrev (valgfritt)

Dersom du har norsk statsborgarskap og vitnemål frå norsk vidaregåande skule, treng du ikkje å dokumentere punkt 5 og 7.

Dersom originalspråket på dokumenta ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må du legge ved offisielt stadfesta kopier av ein omsetjing til eit av disse språka.

 

Rangering

Søkarane vil bli rangert etter karakter frå bachelorutdanninga deira og innan ulike kvoter etter kontinent/opphavsland og profesjon for å sikre ei mangfaldig gruppe studentar.

Vi har 5 kvoter tilhøyrande dei ulike kontinenta/regionane og ei sjette kvote der vi har moglegheit for å justera dersom bestemte utdanningsbakgrunnar er underrepresentert i kvote 1-5. 

Kvote 1: For søkarar frå Afrika

Kvote 2: For søkarar frå Asia

Kvote 3: For søkarar frå Europa (ekskludert Norge) og Oseania

Kvote 4: For søkarar frå Nord- og Sør-Amerika

Kvote 5: For søkarar frå Norge

Kvote 6: Dersom kvote 1-5 fylles opp vil dei øvrige plassane flyttast til kvote 6. I kvote 6 vil søkarar med underrepresenterte utdanningsbakgrunnar frå kvote 1-5 verta prioritert.

Vi har sett av eit bestemt antall plassar i kvar kvote for å sikre ei balansert og mangfoldig gruppe studentar.

Tilbake til studieprogrammet Healthy Ageing and Rehabilitation.