Opptak til master i familieterapi og relasjonelt arbeid

Her finn du utfyllande retningsliner for opptak.

Opptakskrav

Bachelorgrad innan helse- og sosialfagleg, psykologiske eller pedagogiske fag. Annan høgare utdanning på tilsvarande nivå (cand.mag.-grad, annan grad eller yrkesutdanning av minimum tre års omfang) kan etter individuell vurdering kvalifisere til opptak.

Det er i tillegg krav om 2 års relevant praksis etter endt utdanning.

 

Kriterium for realkompetanse

Søkjaren må dekke dei formelle krava for realkompetanse, og i tillegg dokumentere kompetanse på same nivå som det formelle opptakskravet. Dei må ha faglege føresetnadar for å gjennomføre det aktuelle studiet utan å ha dei formelle kompetansane. Praksis som er ein del av det formelle opptakskravet gjeld også for realkompetansesøkarar.

Dei må kunne dokumentere:

  • Minimum 120 studiepoeng innan relevant fagområde med ein fagleg konsentrasjon og eit visst tal emne på fordjupingsnivå.
  • Det vert kravd lang og relevant arbeidserfaring. Arbeidserfaringa må syne at søkjar har vore tilsett i ei stilling som normalt krev ei bachelorutdanning og at søkjar kan dokumentera at arbeidsoppgåvene har vore komplekse. Kravet til lang og særleg relevant arbeidserfaring vert praktisert strengare jo nærare søkjaren er nedre grense for kravet til formell utdanning.

 

Krav om praksis i studietida

Ved opptak vel studenten ein av to studieretningar:

  • familieterapi og nettverksarbeid
  • relasjonelt arbeid i organisasjonar

Krav til opptak for studieretning, familieterapi og nettverkarbeid: Søkjar må dokumentere moglegheita til å gjennomføre 320 timar terapeutisk praksis i studietida. Praksis må oppfylle krava til innhald i vald studieretning. Praksis skal gjennomførast i terapi og terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper. Studentane må oppfylle kravet om 320 timer terapeutisk praksis i løpet av studiet og før innlevering av masteroppgåva. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad. Det er studentane sitt eige ansvar å sørge for å fylle dette kravet.

Krav til opptak for studieretning, relasjonelt arbeid i organisasjonar: Studenten må dokumentere moglegheita til å gjennomføre 160 timer relasjonell praksis i løpet av dei fire første semestera. Praksis kan vere rådgjeving og rettleiing, gruppeleiing, teamarbeid, nettverksarbeid, pedagogisk arbeid, leiing, kompetanseutvikling og ulike former for krisehandtering, støttesamtalar, tilrettelegging, bistand- og pårørandearbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, foreldre, familiar og grupper. Studentane må oppfylle kravet om 160 timer relasjonell praksis i løpet av dei to første studieåra. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad. Det er studentane sitt ansvar å sørge for å fylle dette kravet.

Studentane kan endre val av studieretning i løpet av studiet, men må likevel oppfylle kravet om praksis som gjeld for vald studieretning (320/160). Det er studenten sitt eige ansvar å sørge for å fylle kravet.


Opptakskontoret
Telefonen er open 10.00 - 13.00