Bioingeniør

Bachelor Hausten 2020

Bioingeniøren har ansvar for ein viktig del av pasientomsorga, ved å bidra til å stille riktige diagnosar og overvake ulike former for medisinsk behandling.

Ein bioingeniør handterer og analyserer biologisk materiale, slik som blod, urin og vev ved å ta i bruk til tider avansert instrumentering. Kvalitetssikring av analyseresultat er ein viktig del av det bioingeniørfaglege arbeidet

Bioingeniørar har pasientkontakt ved blodprøvetaking, opplæring og rettleiing av ulike pasientgrupper. Du arbeider sjølvstendig, men samarbeider òg med andre bioingeniørar og anna helsepersonell.

Ved bioingeniørutdanninga får du utvikle medisinske, tekniske og metodiske kunnskapar og ferdigheiter. Du vil òg trene på viktige ferdigheiter som kommunikasjon, formidling og samarbeid.

Praksis

I tillegg til den teoretiske undervisninga og laboratoriekursa, får du rettleia praksisstudiar ved ulike medisinske laboratorium i Helse Vest. Her får du høve til å bli betre kjend med dei ulike medisinske laboratoria si rolle i helsevesenet og med utøving av yrket. Praksis ved medisinske laboratorium vil vere ein del av utdanninga i alle tre studieåra.

Her finn du informasjon om praksis.

Vil du studere meir?

Ved HVL kan du ta vidareutdanninga Medisinske laboratorieanalysar. Denne masterutdanninga kan integrerast i ulike masterstudium som master i innovasjon og entreprenørskap ved HVL eller master i helse og samfunn ved UiB.

Utveksling

Som bioingeniørstudent ved HVL, kan du kan søke om å reise til ein av våre internasjonale samarbeidspartnarar for å utføre bacheloroppgåva i 6. semester. I nokre tilfelle kan du utvide utvekslingsopphaldet og i tillegg gjennomføre eksterne praksisstudium ved den samarbeidande utdanningsinstitusjonen.

Kor kan du reise?