Branningeniør

Bachelor

Korleis kan vi forebygge at brannar bryt ut? Korleis kan vi redusere konsekvensane av ein brann? Som branningeniør er du med på å redde liv!

Haugesund

Søk studieplass Opnast i ny fane

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203002

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

Les meir om våre forkurs her.

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor bli branningeniør?

Branningeniørar er spesialiserte sikkerheitsingeniørar. Kjerneoppgåva for branningeniøren er å planlegge og sette i verk førebyggande tiltak som hindrar og reduserer konsekvensane av brann. Som branningeniør er du med på å skape auka sikkerheit i samfunnet gjennom å kartlegge, analysere og sette i verk viktige brannførebyggande tiltak.

HVL har Noregs einaste branningeniørutdanning! Det er stor mangel på branningeniørar, og ved å ta denne utdanninga blir du ettertrakta og sikra ein god jobb. 

Sentrale tema i branningeniørutdanninga er branndynamikk (det vil seie korleis ein brann oppfører og utviklar seg), risikoanalyser, bygningsteknologi, brannsikkerheit i design av bygg, beredskapsleiing og sløkkesystem.

Kor lang tid det tar å evakuere mange menneske ut frå eit stort bygg? Er det tilstrekkeleg med rømingsvegar? Er bygget designa slik at både menneske og omgjevnader kan sikrast på ein effektiv og god måte?

Du kan studere branningeniør i Haugesund.

00

Dekker du ikkje opptakskravet?

Viss du har generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk så kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Les meir om TRES. 

TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!

Du kan også ta realfagskurs i Haugesund.

– Mange, kanskje spesielt jenter, trur dei må ha 5 eller 6 i matte for å søke seg til realfagsstudiar. Det er ikkje tilfellet. Eg vil oppmode fleire til å tørre å prøve, seier branningeniørstudent Anniken.

Studentjobb i Haugesund 

Gjennom prosjektet studentjobb kan du skaffe deg relevant deltidsjobb mens du studerar. 

 

Korleis er undervisninga? 

Undervisninga varierer mellom forelesingar, gruppearbeid, bedriftsbesøk, lab og rettleiing. Vi har også eit eige brannlaboratorium i høgskulebygget der vi utfører øvingar og testar. Det blir opna for studieturar i inn- og utland.

Lurer du på noko om studentlivet? 

Kvar måndag kan du chatte med ein student mellom kl 11.30-15.00 her på hvl.no. Chatten finn du nederst i høgre hjørnet. 

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda som gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HVL.

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i branningeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like