To arbeidstakere på en byggeplass snakker sammen.

Byggingeniør

Bachelor

Byggingeniørar planlegg, prosjekterer og leier arbeidet med bygg, anlegg, vegnett og infrastruktur. Ein byggingeniør jobbar også med å sikre berekraftige løysingar for både nye og eksisterande bygg og områder. 

Bergen

Søk studieplass Opnast i ny fane

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203003

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

Les meir om våre forkurs her.

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor bli byggingeniør?

Vil du bidra til å skape nye tekniske løysingar som er bærekraftige, og utforme omgjevnadane i samarbeid med andre? Som byggingeniør vil du få eit spennande yrke med mange moglegheiter.

På studiet i byggingeniør lærer du å:

  • planlegge og gjennomføre bygg- og anleggsprosjekt
  • vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
  • jobbe i tverrfaglege grupper og gjennomføre prosjektarbeid

Byggingeniør-utdanninga består i hovudsak av tekniske fag, realfag og noko samfunnsfag. I tillegg til dei obligatoriske faga kan du velje mellom ulike valfag.

I 2. studieår kan du velje å spesialisere deg innan ei av tre studieretningar:

  • Konstruksjonsteknikk (konstruksjonar av betong, stål, tre m.m)
  • Teknisk samfunnsplanlegging (vei, vann og avløpssystem m.m)

Du kan studere byggingeniør i Bergen.

Korleis er undervisninga?

Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, ekskursjonar og prosjektarbeid med rettleiing.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir som regel utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?

Ikkje noko problem! Ved HVL kan du ta ulike kurs som gjer deg kvalifisert til å starte på ein ingeniørutdanning.

Les meir om forkurs, realfagskurs, y-vegen og tresemesterordning.

Lurer du på noko om studentlivet? 

Kvar måndag kan du chatte med ein student mellom kl 11.30-15.00 her på hvl.no. Chatten finn du nederst i høgre hjørnet. 

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i løpet av studietida.

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i byggingeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like