To personer holder hverandre i hendene.

Effekt av migrasjon på helse

Vidareutdanning på masternivå

Korleis kan du som jobbar i helsevesenet skape trygge terapeutiske rom for flyktningar og immigrantar? Dette er kurset for deg som ønsker meir kunnskap om effekten av migrasjon på helse – slik at du kan heve din helsefaglege kompetanse for å jobbe i eit fleirkulturelt samfunn.

Ullensvang

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Kvifor studere Effekt av migrasjon på helse?

    Det er mange årsaker til migrasjon. Mange migrerer frivillig, medan eit aukande tal flyktningar er fordrivne frå eige land på grunn av krig og konflikt eller tap av livsgrunnlag som følgje av klimaendringar.

    I dette kurset vil du som arbeider i helsevesenet få ein introduksjon til sentrale tema innan migrasjonshelse og lære å skape trygge terapeutiske rom for menneske med migrasjonsbakgrunn.

    Kursformer

    Du kan ta kurset som eit studiepoengskurs på masternivå (2,5 studiepoeng) eller som eit etterutdanningskurs. Etterutdanningskurs har ingen utdanningskrav.

    Kva lærer du?

    Studiepoengskurs

    Etter å ha gjennomført kurset som studiepoengskurs på masternivå vil du:

    • Kunne anvende kunnskap om effekt av migrasjon på helse
    • Ha inngåande kunnskap om migrasjonspolitikk i vertsland som kan påverke helse negativt og positivt
    • Kunne reflektere over korleis migrasjon kan ha betydning for helse både på kort og lang sikt
    • Kunne anvende kunnskap om helse hjå immigrantar i tenesteutføring
    • Kunne anvende kunnskap om migrasjonshelse til å skape trygge, terapeutiske rom

    Les meir om hva du lærer i emneplan

    Etterutdanningskurs

    Tar du kurset som etterutdanningskurs lærer du om korleis migrasjon påverkar helse på kort og lang sikt. Du vil og få meir forståing for kva politiske verktøy vi har for å fremme god helse for personar med migrasjonshelse. Du vil jobbe saman med andre kursdeltakarar med problemstillingar som er relevante for eige arbeid.

    Målgruppe

    Kurset er for  klinikarar, leiarar og administrativt tilsette i helserelaterte organisasjonar. Studiepoenggivande kurs er på masternivå og krever bachelorgrad. Etterutdanningskurs har ingen utdanningskrav. Denne kursformen er tilpassa deltakarar med eit stort spekter erfaingar og utdanningsnivå

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Emnet består av ei felles digital samling, digitalt kursmateriale og gruppearbeid.

    Alle deltar på felles digital samling uavhengig av om ein tar kurset som etterutdanningskurs eller studiepoengskurs.

    I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal du jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Du får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.

    Eksamensform

    Dei studiepoenggivande kursa er på 2,5 studiepoeng og har obligatoriske arbeidskrav og eksamen. Eksamen er bestått / ikkje bestått

    Om ein tar kursa som etterutdanningskurs har ein ikkje eksamen, men obligatoriske arbeidskrav. Om du tar kurset som etterutdanning grunnkurs må du ha bestått ein digital test for å få kursbevis. 

    Tid og stad

    Digital samling, torsdag 05.09.24 kl 12.00 - 15.00

    Med moglegheit for fysisk samling i Ullensvang kommune ved interesse. 

    Dette kurset er del av ein kurspakke på 15 kurs innafor Helse, migrasjon og aldring. Kursa kan takast som studiepoengskurs på masternivå eller som etterutdanningskurs (ingen utdanningskrav).

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs