Kvifor bli elektroingeniør?
Elektroteknologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk vert transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroteknologi finn du i små detaljar og i store system. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software og korleis dette fungerer saman.
Elektroingeniør kan du studere i Bergen, Haugesund eller Førde. Du kan også studere elektroingeniør på deltid som eit nett- og samlingsbasert studium med samlingar i Førde.
Velg spesialiseringa som passar deg
Studerer du til å bli elektroingeniør kan du velgje mellom fire spesialiseringar: Elkraftteknikk (Bergen), automatisering med robotikk (Bergen, Førde og Haugesund), elektronikk (Bergen), og cyberfysisk nettverksteknologi (Bergen).
Det første studieåret er felles for dei fire retningane og du kan bruke det første året til å bestemme deg for spesialisering. Alle spesialiseringane vil starte opp og du kjem inn på spesialiseringa du vel. Ønskjer du å byte campus i løpet av studiet kan du søke om overflytting, dersom du kom inn via Samordna opptak.
Automatisering med robotikk
Kvifor velge automatisering med robotikk?
Ein automatiseringsingeniør jobbar med å gjere prosessar og system automatiske. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet i ulike delar av næringslivet. Utdanninga gir ei praktisk tilnærming til automatisering og robotikk, med grunnleggende element innan kybernetikk og styringsteknologi som er relevante for moderne industri.
Du lærer om:
- reguleringsteknikk
- industriell IT
- instrumentering
- robotikk
- PLS programmering
Kor kan du studere automatisering med robotikk?
Denne spesialiseringa kan du ta i Førde, Bergen og Haugesund.
Cyberfysisk nettverksteknologi
Kvifor studere cyberfysisk nettverksteknologi?
Ein cyberingeniør jobbar med teknologiske utfordringar knytt til avanserte system som vert brukt i samfunnet, industrien og Forsvaret. Dette inkluderer mellom anna internett, mobilnett, og industrielle nettverk.
Du lærer om:
- nettverksteknologi og datakommunikasjon
- programmering (med vekt på programmering for nettverk og IoT)
- design av kommunikasjonsløysingar for sensornettverk bedriftsnettverk
- fysiske vilkår for overføring av data
- sikring av data og tjenester i nettverk
Kor kan du studere cyberfysisk nettverksteknologi?
Spesialiseringa innan cyberfysisk nettverksteknologi kan du ta på campus Bergen.
Elektronikk
Kvifor studere elektronikk?
Elektronikkingeniøren har kunnskap om korleis elektronikk komponenter og elektronikksystem er bygd opp.
Du lærer konstruksjon av eletriske system:
- Analog kretskonstruksjon
- Digital kretskonstruksjon med VHDL i FPGA
- SW-utvikling for mikrokontroller og PC
Nokre fag er praktiske og konkrete, med stor vekt på kretskonstruksjon. Andre fag er meir teoretiske og systemorienterte.
Kor kan du studere elektronikk?
Spesialiseringa innan elektronikk kan du ta på campus Bergen.
Elkraftteknikk
Kvifor studere elkraftteknikk?
Som elkraftingeniør bidrar du til at elektriske system fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.
Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.
Du lærer om:
- energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
- høgspenningsteknologi
- elektriske maskiner og omformarar
- kraftelektronikk
- lavspenningsinstallasjonar
Kor kan du studere elkraftteknikk?
Denne spesialiseringa kan du ta i Bergen.
Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?
Har du fagbrev, men ikkje generell studiekompetanse, kan du ta elektroingeniør gjennom y-vegen. Her går du eit tilpassa løp og startar med matematikkurs i juni. Elektroingeniør gjennom y-vegen kan du ta ved campus Førde og Haugesund.
Har du generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Elektroingeniør gjennom TRES kan du ta ved campus Førde og Haugesund.
Har du fagskuleutdanning?
Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?
Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Då tek du utdanninga over 2 år.