BI435 Landskapsøkologi
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I dette emnet lærer du kva landskapsøkologi er, om sentrale konsept innanfor landskapsøkologi, og korleis ein kan bruka landskapsøkologi i landskapsplanlegging og -forvaltning. Viktige tema som går igjen er: skala, landskapsstruktur, landskapsdynamikk, fragmentering og konnektivitet. Emnet har fordjupingstema innanfor kulturlandskap, viltbiologi og pollinering. Emnet er bygd opp med følgjande progresjon: (1) om grunnleggjande økologiske prosessar og mønster i landskapet, (2) verktøy for å beskriva og forstå desse og (3) korleis å nytta denne kunnskapen for å ta vare på naturverdiar gjennom arealplanlegging.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal:
- Forstå kva effekt romlege mønster har på økologiske prosessar hos dyr og planter.
- Forstå korleis skala påverkar økologiske prosessar og vår forståing av desse.
- Forstå korleis naturleg og menneskeskapt forstyrring påverkar mønster og dynamikk i landskapet, med særleg fokus på fragmentering.
Ferdigheiter
Studenten skal:
- Ha evne til å analysere landskapstruktur og -dynamikk kvantitativt.
- Ha evne til å presentere vitskaplege artiklar og nytte kunnskapen frå desse i landskapsplanlegging.
- Ha evne til å nytte GIS til kartlegging og analysar av endringar i landskapet.
Generell kompetanse
Studenten skal
- Kunne overføre økologisk teori til praktisk forvaltning og planlegging av landskap.
- Kunne forstå effekter av menneskeleg aktivitet i landskapet på økologiske prosessar.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ei føremon med kunnskap i økologi, geografiske informasjons system (GIS) og statistisk programvare R.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, kollokviar, studentpresentasjonar av vitskaplege arbeid, problembasert læring, prosjektoppgåve i grupper, ekskursjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Presentasjon av vitskapleg artikkel (gruppearbeid)
Deltaking på temadag med problembasert læring
Deltaking på ekskursjon
Vurderingsform
Skriftleg prosjektoppgåve i gruppe på 3-4 studentar, 30 %
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, 70%
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel