SYKF200 Sjukepleie ved akutt, kronisk og kritisk sjukdom
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Innhald i emnet omfattar sjukepleie til akutt, kronisk og kritisk sjuke pasientar med medisinske, kirurgiske og/eller psykiske sjukdommar. Emnet dannar eit teoretisk grunnlag for kunnskap og forståing om helseutfordringar og behandlingsforløp med særskilt fokus på sjukepleiar sin behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon, inkludert palliasjon.
Emnet dekker i tillegg følgande tema:
- sjukepleie i det korte møte
- behandlingsforløp (pasientforløp)
- utviklingspsykologi - barn og unge si normale utvikling og særeigne behov
- barn og unge på sjukehus
- pårørande - barn som pårørande
- tverrprofesjonelt samarbeid
- risikofaktorar, informasjonstryggleik og kvalitetsindikatorar
- organisasjon og leiing
- gjeldande lovverk og relevante offentlege dokument
- sosiologiske perspektiv på sjukdom, ulikskap i helsetenester, roller og makt
- Pre-, per-, og postoperativ sjukepleie
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om sjukepleiaren sin behandlande, rehabiliterande, og lindrande funksjon, inkludert kunnskap om palliasjon
- har brei kunnskap om personsentrert sjukepleie
- har brei kunnskap om kommunikasjon
- har kunnskap om barn og unge si normale utvikling og særeigne behov
- har kunnskap om barn og unge sine rettar både som pasient og pårørande
- har kunnskap om leiing og organisering av spesialisthelsetenesta
- har kunnskap om kvalitet og pasienttryggleik innanfor spesialisthelsetenesta
- har kunnskap om risikofaktorar i spesialisthelsetenesta og prinsipp og tiltak for å redusere pasientskader
- har kunnskap om helse- og sosialpolitikk, inkludert gjeldande myndigheitskrav
- har kunnskap om kva tyding kultur- og språkbakgrunn har for sjukdomsforståing og likeverdige tenester
- har brei kunnskap om psykisk helse
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan finne, vurdere og vise til fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar
- kjenner til kvalitetsindikatorar og standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie
Krav til forkunnskapar
Emne SYK100, SYK120P og obligatoriske læringsaktiviteter i SYK140
Tilrådde forkunnskapar
Emne SYK110 og SYK130
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Arbeid i grupper
- Multimodale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: sosiologiske perspektiv.
2: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: sjukepleie ved akutt/kritisk sjukdom.
3: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: sjukepleie ved kronisk sjukdom.
4: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: sjukepleie ved psykisk helse/liding.
5: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: palliativ omsorg.
6: Eit individuelt skriftleg arbeid, inntil 1500 ord
Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i fire semester. Ved fravær fra obligatoriske læringsaktivitetar gjelder samme regler som for fravær i praksis jfr forskrift om studium og eksamen ved HVL
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.
Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A - E er bestått karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SK162 - Sjukepleie ved somatisk sjukdom og skade - Reduksjon: 14 studiepoeng
- SK155 - Etikk, Jus og Psykologi - Reduksjon: 1 studiepoeng
- SK155 - Etikk, jus og psykologi - Reduksjon: 1 studiepoeng