Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203822
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere energiteknologi?
Som energiingeniør bidrar du til å møte samfunnets energibehov og klimamål på ein miljøvennleg måte.
Gjennom studiet får du eit breitt syn på problemstillingar knytta til energi og klima. Du får kompetanse innan fornybar energi, energidistribusjon, energibruk og energieffektivisering. Du lærer om fornybare energikjelder, som vindkraft, bio- og solenergi, og om tradisjonelle energikjelder, som vasskraft og fossil energi.
Studiet gir deg grunnleggande ingeniørkompetanse som er felles for dei ulike ingeniørfaga. Du vil difor ha evne til å omstille deg til stadig nye arbeidsoppgåver og du kan jobbe i mange ulike bransjar.
Du kan studere bachelor i energiteknologi i Bergen.
Kva kan du jobbe med?
Energiingeniørar jobbar med ulike typar energianlegg, som for eksempel energianlegg i bygg eller fjernvarmenettverk. Dei kan også jobbe som prosjektleiarar og rådgivande ingeniørar for alt som har med effektiv bruk av energi og utvikling av nye former for energidistribusjon å gjere. Energiingeniørar kan bli tilsett både i industrien og i offentlege etatar, men kan også styre sine eigne bedrifter.
Energiingeniørar utdanna ved HVL har fått jobb i bedrifter som til dømes Sweco, Multiconsult, ABB, Greenstat, BKK Varme, Norsk Energi, Nordkraft, Asplan Viak, Entro, Norconsult, Rambøll, Lyse, og offentleg forvalting som Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.
Lønn: Kva tener ein ingeniør?
Ein ingeniør tener i gjennomsnitt 790 800 kr i året, i følge utdanning.no. Les meir om kva ulike typar ingeniørar tener på utdanning.no.
Korleis er undervisninga?
Du har forelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium og sjølvstudium. Ved gruppe- og laboratoriearbeid er det krav om fysisk oppmøte.
I 5. semester har du moglegheit å velje ulike valfag. Du kan velje mellom blant anna varme, ventilasjon- og kuldeteknikk, hydrogenteknologi, fornybar havenergi, solenergi og prosjektleiing.
I siste semester skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar. Det kan vere ei oppgåve frå ei bedrift i energisektoren, eller eit firma som ønskjer å bli meir energieffektivt. Du kan også bli med på energirelatert forskingsarbeid ved HVL.
Energiteknologi er eit naturleg bindeledd i mange samanhengar, og studiet gjer deg til ein veldig klassisk ingeniør som kan litt om alt. Samtidig har du valfaga i 5. semester som gir gode moglegheiter for spesialisering.
Daniel Olausen Gullbrå
Laboratorium
Vi har fleire ulike laboratorium som vi brukar i undervisninga:
- Solenergilaboratorium knytt til eit passivhus,
- Eit motorlaboratorium med blant anna ein beta-Stirlingmotor, som det berre finst eit fåtal av i Noreg. I forbrenningsmotorane blir biodrivstoff og moderne motorteknologi testa.
- Marinlab, ein 50 meter slepe- og bølgetank der vi kan undersøke innretningar for tidevatn- og bølgekraft. Ved hjelp av 3D-scannar og 3D-printar kan ulike modellar konstruerast og byggast. Vi har også ein kombinert kraft-varme-eining (micro combined heat and power, CHP) for undersøkingar om energigjenvinning.
Utveksling
Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det. I 5. semester kan du i staden for å ta valfag ved HVL, reise på utveksling.
Kor kan du reise?
Australia | Griffith University
Canada | University of New Brunswick
Polen | Cracow University of Technology (CUT)