FD23 Essaykurs | Vår 25

Fagdidaktiske moduler | valgfri modul

Denne modulen gir ei innføring i fagessayet som sjanger og tar føre seg korleis vi kan rettleie studentar som skal skrive fagessay.

Hopp til

    Påmelding

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Ansatte i undervisningsstillinger ved HVL

    Om å søke opptak til HVL

    Dette er en valgfri modul som inngår i «HSPED802 Fagdidaktisk fordjuping i høgskulepedagogikk».

    Modulbeskriving

    Modulen vil passe for alle som skal undervise og rettleie i essayskriving uansett fag. Kurset er lagt opp som tre digitale møte à tre timar der vi vil gje ein introduksjon til essayet frå ulike faglege perspektiv og snakke om essayet som metode, om essayets struktur og oppbygging og om forfattarnærvær. Deltakarane skal sjølve skrive eit essay og rettleie kvarandre i grupper på andre og tredje møte og levere eit endeleg utkast etter siste møtet i mai.

    Nøkkelord

    • Fagessay som sjanger og metode
    • Struktur og oppbygging
    • Forfattarstemma
    • Rettleiing av fagessay-skriving
    • Essay i helsefag

    Læringsutbyte

    Etter gjennomført modul er deltakarane:

    • kjende med ulike trekk ved fagessayet som sjanger
    • trygge i å rettleie studentar som skal skrive fagessay
    • kjende med å sjølve skrive eit essay og gje tilbakemelding på utkast frå kollegaer

    Læringsaktivitetar

    Til første samling ber vi om at deltakarane les gjennom tilrådd litteratur og tenker over kva dei sjølve vil skrive om. Før andre samling skal dei levere inn ei første skisse til eit essay som dei presenterer kort for kvarandre i siste del av det andre møtet.

    Revidert utkast av essayet skal leverast éi veke før tredje samling slik at gruppene får lest kvarandre sine utkast og kan rettleie kvarandre på tredje samling. Endeleg utkast skal leverast ei veke etter siste samling.

    Vurdering

    Rettleiing av kvarandre i grupper og skriftleg tilbakemelding frå kurshaldarar på endeleg essayutkast etter siste samling.

    Organisering av modulen

    Heildigitalt kurs, tre samlingar på Zoom à tre timar, eigenarbeid med å skrive essay. Vi deler inn i skrivegrupper på første samling, og deltakarane rettleier kvarandre på essay-utkasta under andre og tredje samling.

    Kurset består av tre digitale delar. Alle samlingar er ein kombinasjon av teoretiske førelesingar og praktiske aktivitetar.

    Omfang: 9 timer undervisning og 31 timar eigenarbeid (lesing, skriving og rettleiing). Deltakarane får eitt poeng for aktiv deltaking (minimum to samlingar) i undervisninga, og to poeng dersom dei også leverer og får godkjent eit essay.

    Del 1: Onsdag 22. januar kl. 9.00–12.00
    09.00–09.15 Velkommen v/Bodil og Kåre Johan
    09.15–10.00 Iben Brinch (USN): Tba: Fagessayet som sjanger i historiske og retoriske perspektiv
    10.15–11.00 Bodil Moss: Struktur og oppbygning av fagessay versus forskningsartikkel
    11.15–12.00 Vegen vidare og inndeling av skrivegrupper

    Del 2: Tirsdag 11. mars kl. 9.15–12.00
    09.15–10.00 Kåre Johan Mjør: Essay som metode
    10.15–11.00 Bodil Moss: Forfattarstemma i fagessayet
    11.15–12.00 Rettleiing i skrivegrupper i breakout rooms

    Del 3: Onsdag 7. mai kl. 9.15–12.00
    9.15–10.00 Tba: Om essayskriving i helsefag
    10.15–11.00 Om å gi tilbakemelding på fagessayet v/Bodil og Kåre Johan
    11.15–12.00 Rettleiing i skrivegrupper i breakout rooms

    Læringsplattform: Canvas

    Anbefalt litteratur

    Askeland, N., Aamotsbakken, B. & Åslund, A. (2021). Essayet: Ein veg til kreativ fagskriving. Samlaget.

    Bech-Karlsen, J. (2003). Gode fagtekster: Essayskriving for begynnere. Universitetsforlaget.

    Borglin, G. & Fagerström, C. (2012). Nursing students’ understanding of critical thinking, and appraisal and academic writing: A descriptive, qualitative study. Nurse Education in Practice 12(6), 356–360. https://doi.org/10.1016/j.nepr.2012.04.009

    Brodersen, R. B., Solheim, B., Steiner, P. & Oftedal, T. T. (2016). Engaging tools for dialogic guidance in higher education. Journal of Academic Writing 6(1), 17–30.
    http://dx.doi.org/10.18552/joaw.v6i1.331

    MacLellan, E. (2004) How reflective is the academic essay?, Studies in Higher Education 29(1), 75–89, https://doi.org/10.1080/1234567032000164886