Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn, studieplan Stord 2018
Studieplan for kullet som vart tatt opp på Stord hausten 2018.
Den femårige masterutdanninga er ei integrert, forskingsbasert og praksisnær utdanning.
Obligatoriske fag er pedagogikk og elevkunnskap, norsk og matematikk. I tillegg vel du to fag (kunst og handverk, musikk, kroppsøving, naturfag, engelsk, samfunnsfag, KRLE, mat og helse, spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk).
Aktuelle masterfag på campus Stord kan vere: norsk, matematikk, musikk, kunst og handverk eller profesjonsretta pedagogikk.
Oppbygging av studiet
1. studieår
Du har pedagogikk og elevkunnskap (PEL), norsk (fag 2), matematikk (fag 3)og fag 1 (musikk, kunst og handverk eller kroppsøving).
I oppstartsveka får du meir informasjon om dei faga du kan velje som fag 1.
2. studieår
Du held fram med fag 1, PEL, norsk (fag 2) og matematikk (fag 3).
3. studieår
- Haustsemesteret: Du vel eit nytt fag – fag 4. Du kan velje mellom kunst og handverk, musikk, engelsk, KRLE, naturfag, spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk. Det kan bli endringar i tilbodet.
- Vårsemesteret: Her vel du del 2 av fag 1(musikk, kunst og handverk, kroppsøving), norsk eller matematikk.
4. studieår
Du har PEL og fagleg fordjuping i masterfaget ditt.
5. studieår
Du held fram med PEL og skriv masteroppgåve.
Studiet har krav om politiattest
Undervisningsmåtar
Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, case med meir. Arbeidsformene er praktiske, varierte, utfordrande, munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.
Retningslinjer for føring av fråvær
Praksis
Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar.
Om praksisopplæringa 1. studieår.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga.
Utveksling for grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn