Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203395
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2)
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote 50,0
- Førstegangsvitnemål 41,3
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere informasjonsteknologi?
Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Med ei IT-utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida, og med ein bachelor i informasjonsteknologi er arbeidsmoglegheitene mange.
Datasystem blir brukt på dei fleste område, for eksempel i helse og omsorg, finans og media, handel og energiforsyning. Med ei IT-utdanning vil du ofte jobbe i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk.
Gjennom studiet i informasjonsteknologi lærer du om korleis datamaskiner fungerer. Du lærer å programmere og å utvikle programvare til alt frå enkle appar til store IT-system. Ei rekkje tema knytt til konstruksjon og drift av IT-system er også ein viktig del av studiet.
Du lærer
- grunnleggande programmering
- korleis ein kan samarbeide om større programmeringsoppgåver
- korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
- om databasar og web-baserte system
- om algoritmar, nye teknologiar og trendar som til dømes VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata
- kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling
I siste del av IT-studiet kan du velje mellom fleire med spennande spesialiseringar
- Programutvikling og -arkitektur
- Drift av datasystem og skyløysingar
- Web- og mobilteknologi
- Datagrafikk og brukarinteraksjon
- Kunstig intelligens og algoritmar
Vi tilbyr denne utdanninga på heiltid i Bergen, Førde og Haugesund. Det kan vere lurt å søke fleire stader.
Kva kan du jobbe med?
Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar. Du blir godt rusta for ein interessant jobb innan ein arbeidsmarknad som etterspør stadig fleire med IT-utdanning, både i privat og offentleg sektor.
Du kan blant anna jobbe med:
- programmering, testing og utforming av brukargrensesnitt
- utvikling av webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande
- innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare
Lønn: Kva tener ein med IT-utdanning?
Har du IT-utdanning kan du ha mange ulike jobbar, for eksempel som IT-konsulent, systemutviklar, eller spillprogrammerar.
Ein utviklar eller programmerar tener i gjennomsnitt mellom 829 000-883 000 kr.
Kva er forskjellen på dataingeniør og informasjonsteknologi?
Informasjonsteknologi har dei same samfunns- og IT-faga som dataingeniørutdanninga ved HVL. Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er dermed den same. Hovudforskjellen ligg i nokre av matematikkfaga og opptakskrava.
Korleis er undervisninga?
IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang.
Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalab, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium og gruppearbeid.
I siste del av studiet skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar, der de skal utvikle eit lite datasystem. Tema for prosjektet blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og det kan også utførast utanlands.
Praksis på informasjonsteknologi
I 3. studieår kan du ha praksis i ei lokal bedrift. Du deltar aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, og får verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i siste del av utdanninga.
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Australia | Griffith University
Belgia | Thomas More University of Applied Sciences
Canada | University of New Brunswick
Frankrike | Université Sorbonne Paris Nord
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT)
Spania | Autonomous University of Madrid
Spania | University of Extremadura (UEX)
Spania | University of Malaga
Spania | Polytechnic University of Valencia (UPV)
Spania | Complutense University of Madrid
Sør-Korea | Myongji University, Seoul
Tsjekkia | Czech Technical University in Prague
Tsjekkia | University of Hradec Králové
Tyskland | Philipps-University of Marburg
Tyskland | University of Lübeck
Tyskland | University of Applied Sciences Mittweida