To studenter

Innovasjon og endringsledelse

Vidareutdanning på bachelornivå

Vi lever i omskiftelege tider, og endringar skjer stadig raskare og på stadig fleire område. Endringar i marknader, kunnskap og teknologi gjer det nødvendig med stadig omstilling. Det blir sagt at verksemder si evne til innovasjon og endring er avgjerande for utvikling, konkurranseevne og gode resultat. Kunnskap om innovasjon og endring er derfor viktig for verksemder både innanfor privat og offentleg sektor.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Kvifor studere innovasjon og endringsledelse?

    Kurset i innovasjons- og endringsleiing gir ei effektiv innføring i ulike utfordringar og moglegheiter som verksemder må handtere.

    Gjennom kurset får du kunnskap om og forståing av kva innovasjon inneber, korleis innovasjon kan skje i organisatoriske samanhengar, korleis innovasjon kan påverkast gjennom organisering og leiing, samt kva faktorar som kan verke fremjande og hemmande på innovasjon.

    Innovasjon inneber endring. Kurset vil sjå nærare på endring i organisatoriske samanhengar, og leiing av ulike endringsprosessar. Deltakarane får opparbeidd seg kunnskap om og forståing av drivkrefter som ligg bak endringar, ulike typar organisasjonsendringar og omfang av desse, kva endringsprosessar i organisasjonar kan innebere, betydinga av konteksten endring finn stad i, samt endringsstrategiar og leiing av endringsprosessar.

    Kva lærer du?

    • Innovasjons-, endrings- og omstillingsperspektiv
    • Leiingsteoriar og -strategiar
    • Innovasjon i eksisterande verksemder, verdiskaping og intraprenørskap
    • Innovasjonssystemet, næringsklynger og verdikjeder
    • Om innovasjonens tidsalder
    • Innovasjon i norske næringar
    • Tilnærmingsmåtar, metodar og verktøy i innovasjonsarbeid (prosjektarbeidsforma, produkt-/tenesteutvikling, forretningsutvikling)
    • Organisasjonsutvikling/-læring
    • Motstand mot endring

    Du finn meir informasjon i emneplanen

    Målgruppe

    Emne passer for deg som ønsker å lære om kva for mogelegheiter og utfordringar som ligg i innovasjon og endringar i organisasjonar, og korleis ein best kan utnytte dette. 

    Emnet blir tilbydt i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco, som er eigd av forbundet Styrke.

     

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, gruppearbeid og praktiske øvingar. Kurset er basert på 3 helgesamlingar, kombinert med bruk av læringsportalen Canvas undervegs på kurset.

    Samlingar

    Samlingar høsten 2024

    Det blir tre fysiske helgesamlingar på HVL sin campus i Bergen.

    • 1. samling: 23. - 25. august
    • 2. samling: 20. - 22. september
    • 3. samling: 1. - 3. november

    Tidspunkt for den enkelte samling:

    • Fredagar kl. 16:00 – 20:00
    • Lørdagar kl. 09:00 – 17:00 (med ein time lunsj midt på dagen)
    • Søndagar kl. 09:00 – 14:00

    Du som student vil få servert eit enkelt måltid fredag før kursstart, samt lunsj lørdag og søndag.

    Anbefalt forkunnskap

    Generell studiekompetanse.

    Pensum

    Informasjon om pensum kjem.

    Eksamensform

    Gruppebasert semesteroppgave med justerende muntlig eksamen (digital)

    Semesteroppgaven skal gjennomføres i grupper på 3-5 deltakere. Semesteroppgaven blir tilgjengeliggjort og skal leveres i digitalt eksamenssystem. Innleveringstidspunkt vil bli oppgitt ved semesterstart.

    Dato og tidspunkt for muntlig eksamen vil bli oppgitt ved semesterstart.

    Studieavgift og betaling

    Studieavgiften er Kr 40.900,-

    Inkludert i studieagiften er undervisning og eksamen. Enkelt servering fredager, lunsj lørdager og søndager er inkludert i denne avgiften.

    Medlemmer av FLT som omfattes av etter- og videreutdanningsordningen via Addisco, får dekket alle utgifter. Disse søker direkte til FLT.

    Merk: Studium med studieavgift har ekstra krav og vilkår knytt til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglane for studium med studieavgift.

    Denne vidareutdanninga kan inngå i eit fleksibelt studieløp der du til slutt kan søkje opptak til bachelor i leiing. Du kan velje å ta eitt og eitt emne om gongen. Når du har samla minst 150 studiepoeng, kan du søkje opptak til bachelor. Les meir om bachelor i leiing her.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs