Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203246
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere jus?
Studiet gir deg ei innføring i juridisk metode og i et utval av juridiske emne. Du får utvikla di evne til å identifisere, sortere og løyse problemstillingar, og god trening i skriftleg framstilling, utgreiing, drøfting og analyse. Dette er ferdigheiter som kjem godt til nytte i dei fleste stillingar.
Du kan studere årsstudium jus ved campus Sogndal.
I studiet lærer du:
- om juridisk metode, som er den framgangsmåten juristar brukar for å løyse rettsspørsmål. Dette er også ein generell metode for sakleg og strukturert argumentasjon, som kan vere nyttig innanfor andre område enn jus.
- om innhaldet i rettsreglar på område som kontraktsrett, arv- og familierett, erstatningsrett og tings- og immaterialrett
- korleis rettssystemet er bygd opp
- korleis tolke rettsreglar og nytte dei til å løyse rettslege problemstillingar
Kva kan du jobbe med?
Med årsstudium jus vil du opparbeide deg ferdigheiter som vil verdsettast nesten uansett kva slags arbeidsoppgåver du får. I tillegg vil dine grunnleggande juridiske kunnskapar vere nyttige for arbeidsgivarar både i offentleg og i privat sektor. Du vil kunne bruke din juridiske kompetanse til å identifisere og løyse nokre rettslege problemstillingar, og du vil kunne vere eit viktig bindeledd mellom arbeidsgivar og spesialisert juridisk kompetanse der det er nødvendig.
Vidare studium etter fullført utdanning
Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelor i økonomi og jus ved HVL.
Etter at du har sendt søknad, kan du søke om fritak/innpass for eksamenar du allereie har gjennomført i samband med vidare juridiske studium ved andre høgskular/universitet. Du må undersøke med den gjeldande utdanningsinstitusjonen om du kan få godkjent heile året, og dermed begynne rett på andre år. Studieplanen for årsstudium jus ved HVL er per januar 2024 tilsvarande blant anna 1. året jus ved UiB. Merk at her kan det koma endringar, så studentane må sjølv undersøka dette eller søkja råd hos studierettleiar. Heile, eller deler av, årseininga kan og inngå som valfagsemne i andre bachelorgradar.