Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Søkje opptak
Du søkjer eitt og eitt kurs via denne sida som leiar deg direkte til påmelding.
Om å søke opptak til HVL
Dette fleksible deltidsstudiet passar for mange. Å auka kunnskap om kommunikasjon og marknadsføring på digitale flater er aktuelt både for bedrifter som treng å kommunisere med kundar og marknadsfører produkt og tenester, men og for kommunar som skal kommunisere med innbyggarane eller skular som kommuniserer med elevar og føresette.
Studiet er samlingsbasert og samlingane vil føregå på Strand vidaregåande skule og Sauda vidaregåande skule, på skulane sine lokale på Tau, Sand og Sauda. Du kan velje sjølv om du ynskjer å ta deler av studiet eller fullføre heile løpet med totalt 60 studiepoeng.
Du lærer meir om sosiale medium, marknadsføring og kommunikasjon, frå strategisk planlegging til tiltak og verktøy. Du får og eit grunnleggande innblikk i korleis digitalisering kan styrke marknadsføring og kommunikasjonsarbeid sett i eit berekraftig perspektiv.
Bli med på eit lokalt kommunikasjonsløft og bygg kompetansen du treng for å styrke kommunikasjonsarbeidet i bedriftene!
Organisering
Kurspakken består av 6 frittståande kurs à 7,5 studiepoeng eller 15 studiepoeng. Kvart kurs går på deltid over 1 semester.
Undervisning vil gå føre seg på Strand vidaregåande skule og Sauda vidaregåande skule, på skulane sine lokale på Tau, Sand og Sauda.
Kurspakken
Studiet består av totalt seks ulike emne, og kursane rulles ut fortlaupande frå haust 2021. Dei fire første emna vart gjennomført hausten 2021 og våren 2022. Hausten 2022 vert dei to neste emna "Praksis innan digital marknadsføring og kommunikasjon" og "Digital innovasjon og entrepenørskap" pilotert. Du søkjer opptak til eitt og eitt kurs via vårt søknadsweb.
Haust 2021
Digitalisering og omstilling
Innhald
Dette emnet tek føre seg digitalisering og omstilling ut frå eit heilheitsperspektiv.
Sjå emneplan for meir informasjon.
Samlingsdatoar
To fysiske samlingar, resten digitalt.
1. samling: 27. og 28. august 2021, Strand vgs / Tau
2. samling: 30. september, 1. og 2. oktober 2021, Sauda vgs / Sauda
Digitale ukentlige treffpunkt i Zoom tirsdager mellom kl. 14-16.
Digitalisering, lønsemd og berekraft
Innhald
Dette emnet ser nærmare på digitalisering med særleg fokus på lønsemd og berekraft.
Sjå emneplan for meir informasjon.
Samlingsdatoar
To fysiske samlingar, resten digitalt.
1. samling: 3. og 4. september 2021, Sauda vgs / Sand
2. samling: 7., 8. og 9. oktober 2021, Strand vgs / Tau
Digitale ukentlige treffpunkt i Zoom fredager mellom kl. 12-14.
Vår 2022
Digital marknadsføring
Innhald
Emnet skal gje deg bred kunnskap om teoriane, informasjonen og vurderingane som ligg til grunn når organisasjonar utformar sine marknadsføringsstrategiar og har særskild fokus på dei digitale marknadsføringsstrategiane. Du lærar å analysere marknaden og bruke modellar og verktøy for å planlegge og gjennomføre marknadsføringsaktiviteter.
Sjå emneplan for meir informasjon.
Samlingsdatoar
Uke 1: 7.-8. januar, Sauda
Uke 4: 27.–29. januar, Tau
Uke 7: 17.–19. februar, Sand
Uke 11: 18.-19. mars, Tau
På første samling avtalast det digitale treffpunkt kvar veke i Zoom.
Digital kommunikasjon
Innhald
Emnet skal gje deg brei kunnskap om teoriane, informasjonen og vurderingane som ligg til grunn når organisasjonar utformar sine kommunikasjonsstrategiar og har særskild fokus på dei digitale kommunikasjonsstrategiane. Du lærar å analysere kommunikasjonskanalar og bruke modellar og verktøy for å planlegge og gjennomføre kommunikasjonsaktivitetar.
Sjå emneplan for meir informasjon.
Samlingsdatoar
Uke 5: 4.-5. februar, Sauda
Uke 9: 3.–5. mars, Tau
Uke 13: 31. mars – 2. april, Sand
Uke 16: 22.–23. april, Tau
På første samling avtalast det digitale treffpunkt kvar veke i Zoom.
Haust 2022
Praksis innan digital marknadsføring og kommunikasjon
HVL har direkte kontakt med studenter som har fått studieplass. Ta eventuelt kontakt med Tone Brekke på tone.brekke@hvl.no ved spørsmål.
Digital innovasjon og entreprenørskap
Innhald
Emnet går nærare inn på temaene digital innovasjon og entreprenørskap. Gjennom arbeid individuelt og i grupper gir emnet innsikt i digital innovasjon med særleg fokus på utvikling av nye digitale teneste og produkt. Målet med emnet er å gje studentane ein introduksjon til fagområda innovasjon og entreprenørskap for på denne måten å kunne sette dette i samanheng med tidligere kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse opparbeida innan digital markedsføring og kommunikasjon.
Emnet utgjer emne nummer 5 av totalt 6 emner i prosjektet og årseininga Eit digitalt Ryfylke.
Sjå emneplan for meir informasjon.
Samlingsdatoar
- Veke 34: 25–26. august, Tau
- Veke 42: 20-22.oktober, Sauda
På første samling avtalast det digitale treffpunkt kvar veke i Zoom.
Bakgrunn
Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, MOR-prosjektet (motivasjon, opplæring og rettleiing), Hjelmeland kommune, Eramet, Omega Design, Comrod, Sauda vekst og Reisemål Ryfylke, i tillegg til Sauda og Strand vidaregåande skular. Pilotprosjektet er finansiert av Kompetanse Norge.