Hopp til innhald

Studieplan - Årsstudium kroppsøving og idrettsfag

Hausten 2024

Gjennom årsstudium i kroppsøving og idrettsfag lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt står utvikling av undervisningskompetanse/trenarkompetanse knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslege erfaringar. Studiet er retta mot personar som ynskjer å ta kroppsøving som ein del av si lærarutdanning, eller som ynskjer å ta ei idrett, trening og helse- eller friluftslivsutdanning ved HVL eller andre institusjonar.

Studiet kvalifiserer til vidare opptak til 2.studieår på lærarutdanning i kroppsøving og idrettsfag ved HVL med minimum 35 skulepoeng frå vidaregåande skule, og eit gjennomsnitt på minimumskarakter 3 i norsk og 3 i matematikk. Du er og kvalifisert til å søka overflytting til 2.studieår bachelor i idrett, trening og helse og bachelor i friluftsliv ved HVL.

Grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10:

Årsstudiet gir og innpass på grunnskulelærarutdanningane 1-7 og 5-10 ved HVL med 30 eller 60 stp. Sjå retningslinjer for innpass https://www.hvl.no/studier/retningslinjer-for-godskriving-av-arskurs-i-glu/

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor kroppsøving, idrett og trening
  • har kunnskap om å planlegge, legge til rette for, leie og evaluere kroppsøving og trening for ulike målgrupper
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innafor fagområda kroppsøving og idrett
  • kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområda kroppsøving og idrett
  • kjenner til fagområda si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge, legge til rette for og leie undervising og trening for ulike målgrupper
  • kan observera, analysera og reflektera over sentrale element i praktiske og teoretiske oppgåver
  • kan finne, vurdera og bruke ulike kunnskapskjelder som er aktuelle for ei gitt problemstilling
  • kan bruke digitale hjelpemiddel innan fagområda kroppsøving og idrett
  • kan delta aktivt i samskapande og nyskapande prosessar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har evne til å framstå profesjonelt og kan reflektere over eigne haldningar og etisk medvit
  • kan planlegge, legge til rette for, leie og evaluere aktivitetar i kroppsøving og trening
  • kan utveksla erfaringar og formidla sentrale tema og problemstillingar innan fagområda kroppsøving og idrett
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innafor kroppsøving og idrett og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innafor kroppsøving og idrett

Innhald

Sentralt i studiet er utvikling av undervisningskompetanse i kroppsøving og trenarkompetanse i idretten. Dette inkluderer kunnskap om bevegelsesmiljø, treningsprinsipp, livsstil og helse med sikte på å utvikle ein fysisk aktiv og helsefremmande livsstil hjå barn og unge. Ein skal læra korleis ein som kroppsøvingslærar og trenar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle/trenarrolle.

Årsstudium kroppsøving og idrettsfag er delt i fire emne på 15 studiepoeng:

  • Danning og akademisk handverk 15 sp haust
  • Bevegelsesaktivitet og friluftsliv 1 15 sp haust
  • Lærarrolla og elevens læring og utvikling 15 sp vår (Vestlandsklasse, digitale og fysiske samlingar)
  • Bevegelsesaktivitet og friluftsliv 2 15 sp vår

Sjå emneplanar for meir detaljert informasjon om kvart av emna.

Praksis

40 dager praksis i grunnskulen og innan den frivillige idretten.

Arbeidsformer

Mykje av undervisinga er praktisk retta med vekt på utprøving av ulike aktivitetar i ulike miljø. Hovudarbeidsformene i dei teoretiske emna vil vera seminar, førelesingar, prosjektarbeid, gruppearbeid og individuelt arbeid. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Studenten får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet.

Vurderingsformer

Studieprogrammet har skriftlege, munnlege, praktiske og digitale læringsaktivitetar, individuelt og i gruppe. Variasjon i vurderingsformer vert vektlagt og følgjande vurderingsformer vert nytta: Oppgåveeksamen skriftleg i gruppe, individuell munnleg eksamen, individuell skriftleg heimeeksamen og praktisk eksamen.

Internasjonalisering

Ingen